(Foto: Nordhordland) Det om lag 120 år gamle Hjelmås Handelslag har fått ei velfortent utmerking frå Matkroken-kjeda. Vår kjære butikk vart regionsvinnar i region øst/vest, med heiderstittelen Årets Butikk i kategorien for butikkar med omsetnad under 10 millionar. - Me visste ikke at me var nominerte, så dette kom veldig overraskende, seier ein gledesstrålande butikksjef … Fortsett Handelslaget vart Årets Butikk!
Idéane strøyma på frå store og små
Sommarklubb, lubbesild-festival, traktor-dragrace, hagelag, bygdeguidar, bygdekafé, fleire leikestativ og mykje meir vart lansert som ønske og idéar på bygdesamlinga LivOGLyst sist helg. Den yngste bidragsytaren var 10, den eldste 85, då bygdelaget inviterte til idédugnad for kortreist glede og utvikling i bygda. Kåre Spissøy kjørte profesjonelt igjennom eit såkalla Open Space-opplegg for å lokka ut … Fortsett Idéane strøyma på frå store og små
Går laus på framtida med liv og lyst!
Bygda vår har fått innpass i "LivOGLyst"-programmet. No gler me oss til å ta fatt, og du kan vera med! Startskotet går i Storstova søndag 8. april, med idédugnad, kulturelle godbitar og litt godt og gratis å eta. - Korleis skapa kortreist glede her me bur? - Har du tankar eller idéar du vil dela med … Fortsett Går laus på framtida med liv og lyst!
Ny jubel for revygjengen!
«Du store Alvera» er tittelen på årets revy i Ungdomslaget Heimhug. Lørdag og søndag 17. og 18. mars har du sjansen til å sjå den! Familieframsyningar 17. mars kl 19, og 18. mars kl 16 og 19. Stemninga var høg med både pub og revypremiere sist helg. I kjend stil, med kjærleg harselas med alt … Fortsett Ny jubel for revygjengen!
Årsmelding 2017
Her er årsmeldinga 2018 for Bygdelaget 5915. Husk årsmøtet 19. februar kl 19 i ungdomshuset på Hjelmås. Årsmelding 2017 for Bygdelaget 5915 Desse har vore medlemer i styret sidan årsmøtet i 2017: Gunnar Angelskår, Osvald Fyllingen, Lars Hagesæter, Inger Helen Midtgård og Elin F. Styve Ronny Fremstad vart medlem etter suppleringsval på omframt årsmøte 23. … Fortsett Årsmelding 2017