Sommarklubb, lubbesild-festival, traktor-dragrace, hagelag, bygdeguidar, bygdekafé, fleire leikestativ og mykje meir vart lansert som ønske og idéar på bygdesamlinga LivOGLyst sist helg.
Den yngste bidragsytaren var 10, den eldste 85, då bygdelaget inviterte til idédugnad for kortreist glede og utvikling i bygda. Kåre Spissøy kjørte profesjonelt igjennom eit såkalla Open Space-opplegg for å lokka ut dei inste draumane frå innbyggjarar som brenn for lokalmiljøet sitt.
(Meir tekst under bileta)
– Me vil gjerne smelta dei ulike kulturane i bygda saman, og spesielt er me opptekne av at dei mange som flyttar hit finn ut av kor dei kan gå og kva for aktivitetar dei kan vera med på og bidra i. Samstundes ønskjer mange av dei som har budd her lenge å ta i mot og bli kjend med nye sambygdingar. Folk skal få gjera som dei vil og vera med på det dei har lyst til, men me må vita om kvarandre, og me må finna felles arenaer slik at det ikkje blir ei deling mellom «gamle» og «nye» innbyggjarar. Til dette har bygdelaget fått LivOGLyst-midlar frå Regionalforvaltninga, og samlinga i helga var startskotet for idéutvikling knytt til framtidige tiltak og aktivitetar, fortel leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård.
Ungdomslaget Heimhug har ei fantastisk revygruppe, sjå showet dei viste på LivOGLyst-samlinga!
– Bygda vår er frå før kjend for sine mange aktivitetar og levande miljø. Det er mykje dei same personane som har drive dugnadsarbeid med drift av lag og organisasjonar i mange år. Desse sit med masse kunnskap og historikk som er viktig å ta vare på, og me vil gjerne halda på inspirasjonen deira. Men me må også trekkja inn nye og yngre folk i dette arbeidet. Storstova er ein ny og fin arena, men mange aktivitetar og felles tiltak også leggjast til andre stader i bygda. Dette ville me ha fram idear om, seier Inger Helen.
No jobbar bygdelaget med ei oppsummering av det som kom inn og som gruppene samla i handlingsplanar under samlinga. Me kjem tilbake med ei oversikt, slik at folk som er interesserte i å bidra vidare får høve til å henga seg på.
Les meir om LivOGLyst-aktiviteten her