Går laus på framtida med liv og lyst!

Bygda vår har fått innpass i «LivOGLyst»-programmet. No gler me oss til å ta fatt, og du kan vera med! Startskotet går i Storstova søndag 8. april, med idédugnad, kulturelle godbitar og litt godt og gratis å eta.

– Korleis skapa kortreist glede her me bur?
– Har du tankar eller idéar du vil dela med andre, eller kanskje du berre vil høyra på ?

Kåre Spissøy tek oss gjennom «Open space»-konseptet, som skal vera ekstra stimulerande for å mana fram gode idéar og godt samarbeid mellom deltakarene. Det skal vera lystbetont og inspirerande – og du slepp å bli «praia» inn i noko du ikkje er motivert for. Du blir berre med på det du har lyst til!

Noko av det me vil ta opp er dette:
– Me er heldige og bur i ei bygd i vekst. Korleis skal me få alle med, på kryss og tvers av nye og «gamle» innbyggjarar?
– Kven vil bidra til eit godt, trygt og inkluderande fellesskap der alle har noko å dela?
– Me har allereie mange møteplassar i nærområdet, og fleire møteplassar veks fram når me ønskjer det.
– Kva kan me få til, som gjer at dei ulike kulturane me har med oss berikar alle?
– Kan me kanskje koma i gang med kjekke og berekraftige tiltak på grasrotnivå som gjer 5915 klar for Nordhordland Biosfæreområde viss Unesco vil?

Lokal samfunnsutvikling
LivOGLyst er eit program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland. Føremålet er å stimulera

lokal utviklings- og attraksjonskraft i bygder og lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte.
Me skal ha opne mobiliseringsprosessar som avgjer kva tiltak som skal prioriterast i utviklingsarbeidet. Bygdelaget inviterer deg og alle andre i bygda til ei ei open samling første helga etter påske i Storstova – sett av søndag 8. april frå kl 13 til 17.
Alle er velkomne!