«Du store Alvera» er tittelen på årets revy i Ungdomslaget Heimhug. Lørdag og søndag 17. og 18. mars har du sjansen til å sjå den!
Familieframsyningar 17. mars kl 19, og 18. mars kl 16 og 19.
Stemninga var høg med både pub og revypremiere sist helg. I kjend stil, med kjærleg harselas med alt frå kommunen, treningsnarkomane, gamle tanter og PR-kåte ordførarar, tok dei publikum med storm.
Den rutinerte revygjengen har kava med å finne ein passeleg dato for framsyninga, og tid til øving har det også vore utfordringar med å setta av. Likevel klaffa det frå første stund då teppet gjekk opp. «Publikum elskar det», skriv avisa Strilen. Kjende figurar som kaptein Midtfjords og tante Ragna dukka sjølvsagt opp, og sjølvsagt vart den sagnomsuste debatten om skjenkeløyve i Storstova ein del av programmet.
Å spela revy er så kjekt at mange av skodespelarane har vore med heilt sidan starten i 1991. No håpar revygruppa at fleire melder seg til å vera med på neste revy, og spesielt utfordrar dei herrane på 5915 til å koma på banen. Alle dei mannlege deltakarane i år er nemleg importerte frå andre bygder.
Er du interessert i å vera med i revygruppa fram mot neste «sesong»? Send ei melding til inger.helen.midtgard@hvl.no