Her er årsmeldinga 2018 for Bygdelaget 5915.
Husk årsmøtet 19. februar kl 19 i ungdomshuset på Hjelmås.
Årsmelding 2017 for Bygdelaget 5915
Desse har vore medlemer i styret sidan årsmøtet i 2017:
Gunnar Angelskår, Osvald Fyllingen, Lars Hagesæter, Inger Helen Midtgård og Elin F. Styve
Ronny Fremstad vart medlem etter suppleringsval på omframt årsmøte 23. september.
Aktivitetar:
- Ein eigen festkomité etablert av det førre styret stod bak eit svært vellukka opningsarrangement for Storstova, med familiedag og festkonsert om kvelden 10. juni. Eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltpersonar bidrog til å gjera opningsdagen minneverdig, og skapa eit godt grunnlag for bruk av Storstova.
- Styret arrangerte ein «lørdagsgraut-fest» på dagtid 23. september, med tilbod om omvising i Storstova. Elevar frå 6. klasse på Leiknes skule stod for omvising. I forlenginga av grautfesten vart det avvikla eit omframt årsmøte med suppleringsval til styret. Ronny Fremstad vart vald inn. Knytt til årsmøtet var det også tilbod om å delta i ein eigen sesjon med drøfting av innspel til alkoholpolitisk plan for Lindås.
- Dei to ungdomsklubbane våre, HUK og LUK, stod i spissen for eit stort arrangement med direkteoverføring av Melodi Grand Prix Junior i Storstova, då Elida Hatlevik deltok i finalen 4. november. Bygdelaget var medarrangør. Sjølv om det ikkje vart siger på Elida, var det eit godt og stemningsfullt arrangement, med stort oppmøte og mange engasjerte ungdomar.
- Bygdelaget overrekte Gladihaug-pokalen til Svein Hopsdal, og prisen for årets sambygding til Cato Lyngøy under 17. mai-feiringa på Leknes.
- Styret stod bak ein flaskeinnsamlingsaksjon i slutten av oktober, med mål om å få inn midlar til utstyr i Storstova.
Fråsegner
Bygdelaget leverte tre høyringsfråsegner i året som gjekk:
- Fråsegn til alkoholpolitisk plan for Lindås
- Fråsegn til Statens Vegvesen om ny E39
- Fråsegn til kommuneplanen i Lindås kommune, samfunnsdelen
Tiltak
- Bygdelaget søkte Liv og lyst-midlar til felles aktivitetsprosjekt for bygda. Søknaden vart innvilga med 50 000 kroner på slutten av året. Eit av formåla i prosjektet er å sikra god samhandling, integrering og felles kulturbygging mellom dei som bur i bygda frå før og nye innbyggjarar til ei bygd i vekst. Tiltaka kjem i gang i løpet av 2018.
- Midtgård bedehus gav 30 000 kroner til bygdelaget med ønske om å bidra til eit tangentinstrument i Storstova. Dette utløyste ein aksjon for å skaffa meir pengar hjå ulike instansar, slik at me kunne skaffa eit instrument av høg kvalitet. Ove Danielsen, Boris Kuprijanov og Arild B. Nilsen har vore gode konsulentar ved val av tenleg instrument. Bygdelaget la ut ein sum for å kjøpa eit brukt hybridflygel, og finansieringsarbeidet fortset i 2018.
- Inger Helen Midtgård og Cato Lyngøy deltok på vegne av styret i eit møte med fleirtalskoalisjonen av Lindåspolitikarane for å forklara kva for forventningar som låg til grunn då bygdebidraget vart ein del av finansieringa av Storstova. Blant anna tok ein for gjeve at same reglar for skjenkeløyve ville gjelda for Storstova som for dei andre fleirbrukshallane i kommunen. Politikarane valde likevel, med knappast mogeleg fleirtal, 16 mot 15 røyster, å venda tommelen ned for høve til å søka skjenkeløyve for arrangement i Storstova.
- Det har vore drive aktiv lobbyverksemd i samband med skjenkesaka, som har vore oppe i kommunestyret to gonger i år. Eige møte med ordførar, og telefonkontakt med så godt som samtlege politikarar i Lindås, har vore gjennomført.
- Det har vore eit mål å kunna få på plass eit så godt lys- og lydanlegg som mogleg i Storstova. Cato Lyngøy har på styrets vegne forhandla med kommunen om ei god økonomisk løysing for begge partar, for å få eit anlegg på det nivået me ønskjer. Odd Terje Kvilhaug har bidratt med sin ekspertkompetanse for å få eit best mogeleg LLB anlegg i Storstova. I vinterferien vert eit LLB anlegg til 630.000,- montert i Storstova.
- Nettsidene 5915.no har gjort ei lita omlegging av menystrukturen for å forenkla informasjonen litt. Samstundes har me oppmoda små og store lag og organisasjonar om å levera oppdatert informasjon om seg sjølv, slik at spesielt nye innbyggjarar kan bli kjend med mulighetane for organisert aktivitet, og finna rette kontaktpersonar. Dei fleste laga har levert informasjon, nokre gjenstår. Nettsidene vil få ei større oppgradering og forenkling i løpet av februar 2018.
- Facebook er den kanalen som vert oftast oppdatert med kalenderaktivitetar og nyhende, då det er gjennom denne kanalen ein når flest interesserte med løpande informasjon og diskusjonar.
Økonomi og medlemskap
- I 2017 auka medlemstalet til 209 medlemmar, mot 155 i 2016. Dette er ein gledeleg auke og kjem trass i at medlemspengeinnkrevjinga skjedde på hausten, og at det store prosjektet å reisa Storstova no er sluttført. Takk for tilliten.
- Økonomien i laget er god, sjå eige sak om rekneskap, men større investeringar som 315.000,- til LLB anlegg og om lag 47.000 til fullfinansiering av flygel skal fullførast i 2018, og gjer at både innsamlingskonsert, flasker for flygel og basar vil bli gjennomført i 2018.
Hjelmås 12. februar 2018
Inger Helen Midtgård, leiar
Elin F. Styve, skrivar