(Foto: Nordhordland)
Det om lag 120 år gamle Hjelmås Handelslag har fått ei velfortent utmerking frå Matkroken-kjeda.
Vår kjære butikk vart regionsvinnar i region øst/vest, med heiderstittelen Årets Butikk i kategorien for butikkar med omsetnad under 10 millionar.
– Me visste ikke at me var nominerte, så dette kom veldig overraskende, seier ein gledesstrålande butikksjef Therese Vik. Ho mottok trofé og heider i helga som var.
Hjelmås Handelslag var nominert saman med fire andre butikkar i Norge, og stakk som sagt av med sigeren. Bakgrunnen for sigeren var omsetningsvekst, dei gode resultata frå kundeundersøkelsar, ei positiv utvikling og godt omdømme for butikken.
Me er kjempestolte, jublar Therese Vik, travelt oppteken med fortsatt å gje kundane ei god handleoppleving – også på søndagar.
Stikk innom då vel!