Bygdeaksjon mot boss i strandsona

Bygdefolk hang over ripa i ein heil armada av båtar på tokt for å reinska strandsona vår for boss  – og dei fekk litt av ein fangst.

Første lørdag i mai vart suksessen frå i fjor gjenteken – strandsona skulle få ei skikkeleg vårreingjering, og dugnadsånda var på topp. Om lag 80 frivillige var med og plukka avfall på fjorden og langs land. Og det var boss nok til alle.

Ungdomslaget Heimhug, Hjelmås Båtforening, Hjelmås Handelslag og Frivilligsentralen i Lindås samarbeidde om ein god og koordinert innsats for å få gjennomført aksjonen. På Leiknes hadde dei sin eigen aksjon, og bosset derfrå vart levert på Hjelmås. Ordføraren og kultursjefen i Lindås kom tøffande med brannvesenet sin båt mot slutten av dagen, for å muntra opp dei ivrige boss-samlarane.

Kor kjem all skiten frå? Det er ikkje lett å verna seg mot boss som flyt til land frå båtar og med straumen langvegsfrå. Men klarar me å kasta litt mindre boss og plast i naturen, og kanskje bruka litt mindre emballasje i året som kjem, slik at det merkast på bossmengda til neste år? Det gjenstår å sjå. Takk for innsatsen, alle som var med!

(Alle foto: Sidsel Styve)