På grunn av pandemien og behovet for å redusera smitterisiko, er alle arrangement i Bygdelaget sin regi fram til påske avlyst. Perioden utan aktivitet kan bli forlenga, avhengig av styresmaktene sine råd og pålegg. Følg med på Bygdelaget 5915 si Facebookside for oppdateringar.
Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås
Kva meiner du om byvekstavtalen og kva trur du avtalen betyr for bygda vår? Debatten går i media og mange har meiningar. Styret i Bygdelaget 5915 treng gode spørsmål og innspel frå deg som me kan nytta i vårt brev til dei folkevalde i kommunen vår. Klikk her for å seia di meining Utkast til … Fortsett Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås
Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!
Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Prisen vert overrekt 17. mai. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 25. mars. I 2019 gjekk prisen til Christine Westervik, for hennar … Fortsett Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!
Populært med saum og redesign i Steinarstova
30 sy- og designglade "bygdeskreddarar" møtte opp då det var duka for tidenes første sy-verkstad i Steinarstova. Arrangørane var overvelda av oppmøtet, dei visste ikkje på førehand kor mange som ville koma på drop in-tilbodet tirsdag kveld denne veka. -Nokre av dei som kom hadde klare planar for kva dei skulle gjera undervegs, andre hadde … Fortsett Populært med saum og redesign i Steinarstova
Gøy med romjulscup i Storstova!
Tidenes første Romjulscup på 5915 gjekk av stabelen 27. desember, og heile ti lag deltok . Folk var ikje seine om å melda seg då Bygdelaget 5915 og UL Heimhug inviterte til Romjulscup, der store og små kunne få litt fart på forbrenninga etter mykje godt i jula. Om lag 50 spelarar var fordelt over … Fortsett Gøy med romjulscup i Storstova!