17. mai talen frå 7. klassen

Kjære bygdefolk, store og små. Kjære alle saman. Gratulera med dagen. Dette er ein 17. mai vi kjem til å hugse lenge fordi i år er denne dagen annleis  enn elles.

17. mai er ein samlande dag. Det er ein dag der alle er med. Store og små, uansett religion og hudfarge eller kva land ein kjem frå. Dette er dagen då alle er samla ute uansett ver og vind. Dette er dagen då vi viser glede, ei glede over å høyre til i ein by eller ei bygd. Ei glede over å høyre til i eit fellesskap. Ei glede over å feire at vi bur i eit land med trygghet og fridom.

Det som skjedde i 1814 er veldig viktig for oss og har betyding den dag i dag. Vi fekk  vår eiga grunnlov som blei laga på Eidsvoll. Det var  112 menn som samla seg der i april 1814 og begynte å skrive grunnlova. Grunnlova blei ferdig stifta 17. mai 1814 , og vart bekrefta med å knyte broderband og seie « Einig og tro til Dovre faller». Grunnlova har gitt oss fridom, demokrati og eit fint og fredeleg land .

I år kjem vi nok alle til å kjenne på at årets 17. mai ikkje blir som den pleier å vere. I år får vi ikkje feire saman og gå i tog, men det er til vårt eige beste. 17. mai er ein veldig spesiell dag for oss fordi det er ein dag der vi feirar med familie og venner. Vi pyntar oss og heidrar dei som ofra alt for oss og dette landet. Vi har mange forskjellige tradisjonar. Til dømes rømmegraut, bunad, vi heiser flagget og vi går i tog. 17. mai er sekkeløp, andedam, 6o meteren og andre gøye aktiviteter.  I år blir det ikkje tog eller å møte venner og familie på skulen slik  vi vanlegvis gjer. Dette grunna koronapandemien som har prega kvardagen vår nå i over to månadar. Det blir ein annleis 17. mai, men vi kan allikevel ha ein flott dag. Vi oppfordrar alle i bygda vår til å pynte seg, kle seg opp i 17. mai klede og heise flagget. Ete is og pølse, og lage aktivitetar og familiekonkurransar med premiar i hagen, og invitere storfamilien og kanskje naboane med. Vi kan vifte med flagg og synge nasjonalsongen. Vi kan ha quiz og Kahoot på nettet. La det bli ei levande 17. mai-feiring også i 2020.

Fridom er ein tilstand der ein har moglegheit til å ta eigne val og handlingar. Folket i Norge er veldig, veldig heldige som har den moglegheita. I dag er fridom ein viktig del i livet vårt. Vi kan ete kva vi vil. Vi kan vere saman med kven vi vil. Vi kan meine kva vi vil. Vi kan tro på kva vi vil, og vi kan tenkje kva vi vil. I dag feirar vi at vi får lov til alle desse tinga.  Vi skal vere takksam for dette i dag. 

Nokre land er ikkje like heldige. Tenk berre på Nord-Korea. Der er det ikkje demokrati, men diktatur. Det betyr at det berre er ein person eller gruppe som styrer alt, utan at vanlige folk har noko å seie.

Vi i Norge er også ganske heldige sidan det er mange land i verda  det er krig i. Til dømes Syria og Irak. Demokratiet i Norge  er noko av grunnen til at det kjem flyktningar her til landet  fordi då får dei fridom og slepp unna krigen. Her kan dei føle seg trygge. Vi må vere flinke å inkludere våre nye landsmenn og ta vare på dei i bygda vår. I Nord-Korea er det ikkje lov til å dra ut av landet  grunna diktaturet, dei har heller ikkje lov til å vere på sosiale media eller ha ytringsfridom. Det er rett og slett eit av dei verste landa du kan bu i. Vi er takksame for at det ikkje er slik i Norge.

Å leve i eit land med fred betyr at vi kan stole meir på kvarandre. Det er 75 år sidan frigjeringsdagen.

Vi må tenke på alt det folk kjempa for og ofra  under 2. verdskrig for at vi skal vere trygge den dag i dag. Nye generasjonar må ikkje gløyme kampane som har vorte kjempa,  for fridom og sjølvstende. Det er mykje krig og elende rundt om i verda. Folk i desse landa, dei kjempar også for å få slutt på krigen, slik vi gjorde det frå 1940 til 1945. Vi må ikkje gløyme å hjelpe dei som treng det i dag, slik vi fekk hjelp av andre land då 2. verdskrig ramma landet vårt.

Folk er like mykje verdt. Det må vi aldri gløyme. Det er viktig at folk tar vare på kvarandre, sånn at dei som treng hjelp får det. Særleg no i koronapandemien. 12. mars stengte skulane og barnehagane i kommunen grunna covid 19 viruset. Vi har nå gjort ein felles dugnad i landet for å stoppe dette viruset og forhindre dødsfall. Skuledagen for oss har vore spesiell med heimeskule via sosiale media og chat. Saknet etter kameratar har vore stort. Av og til manglar nokon venner. Då er det viktig at vi ser dette, og gir eit smil, inkluderer  og hjelper til. Nokre  gonger bli elevar mobba, og då er det viktig at vi seier frå, slik at alle kan ha det bra. Vi må ta vare på alle vi kjenner, og vere forsiktig med dei sårbare ute i samfunnet. Dei som  kanskje har det tungt, er aleine eller er redde. Vi er alle saman aleine, men saman blir vi sterkare. Dette kan alle tenke på no når det er 17. mai.

Vi i Noreg er veldig heldige vi har både skule og barnehage til bor, utdanning og tryggleik, vi har jobbar og vi har mat i butikkane og vi har hus å bu i. Vi har eit godt helsevesen der alle får den hjelpa dei treng. Det ser vi er viktig no i desse koronatider. Det finnes forskjellige religionar i Noreg, der ein står fritt til å velje kva ein vil tru på. Vi har både trusfridom og ytringsfridom. Norge er eit fint land å bo i, der vi har mange fjell rundt oss som man kan gå på. Det er mykje sjø langt kysten i Noreg, som er bra for fiskeri, oppdrett og fiskeindustri. Det finst mykje skog i Norge også, som er bra for miljøet og klimaet. Dette er det slett ikkje alle land som har. Mange har ikkje eingong reint vatn. Noko som er livsviktig  for å leve. Sjå berre på alle prosjekta som går føre seg no for at flyktningar og fattige skal få tilgang på vatn. No i desse korona tider er dette viktigast av alt. Vatn til å vaske seg med, vatn som skal vere med å hindre smitte.

Andre er flyktningar som på ingen måte har ei sikker framtid. Dei manglar mykje, men vi i Noreg derimot har som sagt både skule, mat, hus og vatn. Vi manglar eigentleg ingenting. Vi har mykje å vere takksame for.

 «Vårt hjerte vet, vårt øye ser, hvor godt og vakkert Norge er.»
Med desse orda vil vi i 7. klasse på Leiknes skule avslutte talen, og berre seie til slutt.
Gratulera med dagen til Hjelmås-bygda! Ha ein fin 17. mai!