Tradisjonen tru vart Gladihaugpokalen overrakt på nasjonaldagen, og den som gjekk flest turar til Gladihaug i 2019 var Vidar Hopsdal med 274 turar. Inger Helen Midtgård frå Bygdelaget 5915 hadde gleda av å møte opp heime hjå Vidar og gje han heider og ære for den spreke innsatsen. – Kjekt å vinna, sa ein glad og stolt mottakar av prisen.
Hurra og gratulerer til Vidar! Oppteljinga til øvrige plasseringar på lista heldt enno på, og når resultatlista er klar blir ho publisert på 5915.no.
Bygdelaget kårar vanlegvis også årets sambygding kvar 17. mai. På grunn av at fellesarrangementet utgår i år, er kåringa utsett til neste år.
Meir moro frå 17. mai 2020:
Farsotten smyg seg kring oss og hindrar nærkontakt, barnetog og storsamling av bygda på nasjonaldagen. Men Signy og Ragna vil visa takksemd og glede for alt me har mellom bakkar og berg, og tek turen til Myråsen med flagg, salmebok og rullator for å hylla vår fagre bygd.
Sjå video her.
