Ståplassar og ekstrastolar måtte til då folk gjekk mann av huse for å hylla filmfamilien Sandberg under innviinga av Sandbergsalen i Storstova. Publikum fekk også eit rørande gjensyn på lerretet med folk, dyr og Hjelmås-natur frå tidlegare tider. Sverre, Karin, Per, Kristin, August og Øyvind Sandberg var sjølvsagt heidersgjestar då Sandbergsalen vart opna. Far og … Fortsett Stor hyllest til filmfamilien frå Hjelmås
Kategori: Nyheiter
5915-folket har talt: Kollektivtransporten må bli betre!
Innbyggjarane på 5915 ønskjer seg eit betre kollektivtilbod til og frå Knarvik og Bergen. Ikkje minst aktualiserer dette seg no som det skal betalast meir bompengar. Bygdelaget 5915 spurte kva folk var mest opptekne av, og korleis dei vil karakterisera tilbodet opp mot behovet slik dei ser det. Høgast på ønskelista står fleire avgangar om … Fortsett 5915-folket har talt: Kollektivtransporten må bli betre!
Vandrande matfestival 9. november – du er invitert!
Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – blir arrangert igjen 9. november. Fjorårets arrangement var så velkoment at Bygdelaget 5915 satsar igjen. Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå … Fortsett Vandrande matfestival 9. november – du er invitert!
Knalldag på Hjelmåskaien!
Familiedagen på Hjelmåskaien 7. september vart ein stor suksess! Etter dagevis med regn skein sola opp som bestilt, og store og små var ikkje seine om å koma seg ut i fineveret. Båten «Smykkeskrinet» kom tøffande inn med både sjørøvarar og ein litt brisen Kaptein Midtfjords og opna festen, sidan gjekk det slag i slag … Fortsett Knalldag på Hjelmåskaien!
Gode sambygding!
Bygdelaget 5915 treng medlemmar for å oppretthalda drift og aktivitet. Me håpar difor at flest mogleg vil støtta arbeidet vårt ved å betala ein årleg kontingent. Pengane går blant anna til å skapa og marknadsføra felles møteplassar, og arrangement, finansiera utmerkingar som Gladihaugpokalen og Årets sambygding, nettside, innkjøp av felles utstyr, og andre aktivitetar som … Fortsett Gode sambygding!