Tradisjonen tru vart Gladihaugpokalen overrakt på nasjonaldagen, og den som gjekk flest turar til Gladihaug i 2019 var Vidar Hopsdal med 274 turar. Inger Helen Midtgård frå Bygdelaget 5915 hadde gleda av å møte opp heime hjå Vidar og gje han heider og ære for den spreke innsatsen. - Kjekt å vinna, sa ein glad … Fortsett Vidar Hopsdal fekk Gladihaug-pokalen
Kategori: Nyheiter
17. mai talen frå 7. klassen
Kjære bygdefolk, store og små. Kjære alle saman. Gratulera med dagen. Dette er ein 17. mai vi kjem til å hugse lenge fordi i år er denne dagen annleis enn elles. 17. mai er ein samlande dag. Det er ein dag der alle er med. Store og små, uansett religion og hudfarge eller kva land … Fortsett 17. mai talen frå 7. klassen
Årsmøte og aktivitetar utsett inntil vidare
På grunn av pandemien og behovet for å redusera smitterisiko, er alle arrangement i Bygdelaget sin regi fram til påske avlyst. Perioden utan aktivitet kan bli forlenga, avhengig av styresmaktene sine råd og pålegg. Følg med på Bygdelaget 5915 si Facebookside for oppdateringar.
Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås
Kva meiner du om byvekstavtalen og kva trur du avtalen betyr for bygda vår? Debatten går i media og mange har meiningar. Styret i Bygdelaget 5915 treng gode spørsmål og innspel frå deg som me kan nytta i vårt brev til dei folkevalde i kommunen vår. Klikk her for å seia di meining Utkast til … Fortsett Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås
Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!
Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Prisen vert overrekt 17. mai. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 25. mars. I 2019 gjekk prisen til Christine Westervik, for hennar … Fortsett Kven blir årets sambygding? Kom med forslag!