Sett av datoen! Bygdelaget arrangerer årsmøte 7. september kl 19. Det blir vanlege årsmøtesaker, noko å bita i, og kulturelt innslag. Programmet blir publisert så snart det er klart. Frist for innsending av saker til årsmøtet er 24. august, og det kan sendast til post@5915.no
Vidar Hopsdal fekk Gladihaug-pokalen
Tradisjonen tru vart Gladihaugpokalen overrakt på nasjonaldagen, og den som gjekk flest turar til Gladihaug i 2019 var Vidar Hopsdal med 274 turar. Inger Helen Midtgård frå Bygdelaget 5915 hadde gleda av å møte opp heime hjå Vidar og gje han heider og ære for den spreke innsatsen. - Kjekt å vinna, sa ein glad … Fortsett Vidar Hopsdal fekk Gladihaug-pokalen
17. mai talen frå 7. klassen
Kjære bygdefolk, store og små. Kjære alle saman. Gratulera med dagen. Dette er ein 17. mai vi kjem til å hugse lenge fordi i år er denne dagen annleis enn elles. 17. mai er ein samlande dag. Det er ein dag der alle er med. Store og små, uansett religion og hudfarge eller kva land … Fortsett 17. mai talen frå 7. klassen
Årsmøte og aktivitetar utsett inntil vidare
På grunn av pandemien og behovet for å redusera smitterisiko, er alle arrangement i Bygdelaget sin regi fram til påske avlyst. Perioden utan aktivitet kan bli forlenga, avhengig av styresmaktene sine råd og pålegg. Følg med på Bygdelaget 5915 si Facebookside for oppdateringar.
Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås
Kva meiner du om byvekstavtalen og kva trur du avtalen betyr for bygda vår? Debatten går i media og mange har meiningar. Styret i Bygdelaget 5915 treng gode spørsmål og innspel frå deg som me kan nytta i vårt brev til dei folkevalde i kommunen vår. Klikk her for å seia di meining Utkast til … Fortsett Byvekstavtalen og følgjene for 5915 Hjelmås