Fin bygdevanding på det aller grønaste

Siste søndagen i mai vart ein god dag for alle dei nær 30 personane som hadde tatt på seg gode tursko og gjekk i lag frå Apalen og innover Vassbygda.

Mottakar av prisen for Årets sambygding, Jon Arne Hopsdal, slo eit nytt slag for bygda og tok på seg guide-oppgåva, i samarbeid med bygdelaget. Yngve Fyllingen hjelpte til med gode historier og forteljingar frå sitt nærområde. For mange av turgåarane var det første møte med denne delen av Hjelmås, for andre var det kjende stiar.

Rundturen på nær fem kilometer gjekk gjennom bløtt terreng, og somme stader var det berre å halda seg fast i busk og kratt i glatte nedstigingar, men turen er enkel for dei fleste. Den yngste som var med, var Anton på fem år, i lag med besteforeldra sine.

Vêret heldt seg fint og opplett det meste av turen, og fargane var på det aller grønaste av året.

Takk for turen!