Gladihaugpokalen 50 år

Les historia om Gladihaugpokalen, og sjå lista av turgåarar med seks turar eller meir for 2021. Brødrene Andreas og Johannes Vikingsen Weimer fekk kvar sin pokal under 17. mai-feiringa på Leknes, for heile 217 turar.

Året 1972 vart første bok lagt ut på Gladihaug. Sidan har dette vore eit populært tiltak for folkehelsa.
I følgje Olaf Midtgård sa Andreas Øvstegård seg villig å stilla med pokal. Han var gullsmed og dreiv gullsmedforretning i Rakkestad.
–  Ein kom fram til at 17. mai kunne vera rett tidspunkt for tildeling, og at resultatlista skulle kunngjerast i Strilen, som då på den tida var einaste lokalavis. Dette vart drøfta med 17. mai-komiteen. Dei syntes også at det kunne passa fint.

Det viste seg å bli eit populært tiltak, og mange var så aktive at dei toppa lista fleire gongar. Til dette kommenterer Olaf Midtgård:
–  Hensikta med pokalen var å stimulera flest moglege personar til turgåing på fjellet og då spesielt til Gladihaug. Slik det utvikla seg frå pokalen vart oppsett og fram til 1986, så var det ikkje nokon leik lenger slik som det først tenkt å vera.
Så reglar måtte til for at det ikkje skulle ta heilt av når det nærma seg årets slutt. Derfor oppretta Andreas Øvstegård desse reglane, som skulle gjelda frå 1986.

  1. Gladihugpokalen vært utdelt til den person som har flest turar pr år.
  2. Berre ein (1) tur pr. dag vært godskreven.
  3. Pokalen vært utdelt til same person berre ein gong.

I 1986 vart det ikkje tildelt pokal, på grunn av at det mangla ei bok. Då ein ikkje kunne dokumentera kven som hadde vore flest gongar til Gladihaug, vart det bestemt at ein ikkje kunne dela ut pokal for det året.

Andreas Øvstegård leverte pokal fram til han selde butikken sin til dottera Grethe Øvstegård Bodal i år 2000. Grethe Øvstegård Bodal fortsette levera pokal fram til 2011. Etter det tok Bygdelaget 5915 over ansvaret for å skaffa pokal til vinnaren. Det er mange vinnarar med 365 turar, men det er berre to med 366 turar.

Her er lista for 2021:

Andreas Vikingsen Weimer 217 turar
Johannes Vikingsen Weimer 217 turar
Kristin Vikingsen Weimer 217 (har fått pokal før)
Cesilie Selvik 214
Anders Valle 199
Lars Kåre Eikrem 191
Vidar Hopsdal 181
Randi R Hopsdal 143
Steinar Hopsdal 121
Britt Hege Fjellstad 95
Geir Ove Hopsdal 91
John Harald Valle 74
Catrine Sagstad 47
Svein Åge Fyllingen 43
Ingrid Helene Raunehaug 40
Kristoffer Mellingen 38
Terje Håkon Hagesæther 35
Terje Romarheim 31
Randi Næss Fotland 27
Anders Myhr 22
Yngve Fyllingen 21
Eva Mellingen 21
Jon Arne Hopsdal 21
Mona Tverberg Fyllingen 18
Turid A Angelskår 17
Arne L Hopsdal 16
Sigmund Hagesæter 16
Eivind Ulveset 16
Kine Cesilie Stensletten 13
Elisabeth Valle 13
Anna Landro 12
Marit Hopsdal 11
Kristin F Romarheim 10
Tore Sæle 10
Oddbjørn Hauge 9
Inger Opheim Hindenes 9
Dordi Bø 9
Silje Valle Mellingen  9
Dag Heggheim 8
Annbjørg Solen 8
Gunn Gjetrang Follesø 7
Tove Heggernes 7
Arne J Egge 7
Jan R. Midtgård 7
Eivind Fjellstad 7
Mia Josefine Valle Kristiansen 6
Irene Hodneland 6
Terje Tredal 6
Stian Raunehaug 6
Joakim Rasmussen 6
Pernhild Olsen 6
Steffen Vikingsen Weimer 6
Kari Sauer 6
Erik Blindheim 6
Einar Hærø 6
Markus Hopsdal 6

I heile 50 år har Gladihaugpokalen gjort nytte for folkehelsa i bygdene våre (Foto: Kristin Vikingsen Weimer)