Jon Arne er årets sambygding!

For lang og tru teneste for folkehelsa kunngjorde Bygdelaget 5915 Jon Arne Hopsdal som årets sambygding. Han fekk tildelt prisen under 17. mai-feiringa. Gratulerer!

Her er juryen si grunngjeving:

Det er ikkje alle me ser så lett, fordi innsatsen deira blir gjort i det stille. Årets sambygding har gjeve eit stort bidrag til folkehelsa her i bygda, og for tilreisande. Men innsatsen til årets sambygding er av det slaget som først ville merkast om det ikkje vart gjort. For har de tenkt over kven det kan vera som passar på turstiane våre, og ser til at bøkene på toppane er der når me skal registrera oss?

Årets sambygding har telt og registrert frå rufsete, våte Gladihaug-bøker heilt frå 1992, rett nok med tre års pause. Me snakkar 26 år. Og ikkje nok med det, Årets sambygding har henta og lagd ut bøker på Gladihaug, Krossane og i Myråsen under all slags ver- og føreforhold.

Ja, om det minkar når det er 270 linjer att, får nokon skrekk for at det ikkje er plass i boka neste gong dei kjem opp. Tenk om boka er full! Då har Årets sambygding statistikk å visa til: Han veit kor mange dagar det går med å fylla opp eit visst tal på liner. Og han rykkjer alltid ut i tide og legg ny bok i boksen, så alle får skriva seg inn.

Kandidaten har også gjort ein solid dugnadsinnsats i lysløypa på Hopsdal, det er takka vera han det er lys i stolpane. Han har også saman med andre bygdefolk tatt ansvar for O-løpa arrangert på Hopsdal.

Årets sambygding ein også ein historiekunnig person, med lang fartstid som leiar i sogelaget. Han har fleire gonger vore guide på bygdevandringar i bygdene våre, og gledd oss med sin kunnskap om bygdene våre og det som ein gong var. Som Jostein Gaarder seier det: «Historien er som en høy stabel av pannekaker, der hver eneste pannekake er et nytt verdenskart.»

Takk for alle pannekakene du har gjeve oss, Jon Arne, måtte det bli enno fleire i åra som kjem.

Leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård, hadde æra av å overrekka prisen for Årets sambygding til Jon Arne Hopsdal, på 17. mai-arrangementet på Leknes skule. (Foto: Hilde Alvær Hagesæter)