Om ikkje lenge kan dei som har lyst til å gjera ein innsats for trivsel og kondisjon på 5915, bidra med å rusta opp sitien i Myråsen.
Kommunen lovar å stilla med dei materialar som trengs, og grunneigarane er positive til at stien blir gjort meir tilgjengeleg. «Turdamene», den faste onsdagsgjengen som går turar i nærområdet, har allereie tatt eg ein kløpperunde. Dei rapporterer at det er mindre behov for kløpping, og meir bruk for klopper og steinsetting der det er bløtt. Og blautast er det på baksida mot Hodnesdalen.
Etter kvart skal det settast opp skilt etter nasjonal standard, som me treng dugnadsfolk til. Meir informasjon om prosjektet kjem, følg med på annonsering her på Facebook og plakatar, om tid og stad for dugnad. Meld gjerne di interesse for å vera med, til post@5915.no eller på sms til Inger Helen på nr 452 32 052, så vil du bli oppdatert direkte.
Dette prosjektet er realisering av ein av ideane som kom fram på Liv og Lyst-idemyldringa for fire år sidan. No er det opp til innbyggarane på 5915 å få det realisert!
Sjå for øvrig informasjon om dame-turgruppa her

