Nye benkar på Midgardsåsen

No kan stien til Myråsen gjerast betre med kloppar og bruer over dei våtaste partia. Bli med på dugnad til hausten!

Bygdelaget har søkt og fått støtte frå kommunen til prosjektet. Laurdag 2. juli kom to benkar på plass, og ein fin dugnadsgjeng på ni personar stilte for å bera og montera benkane. Takk for sporty innsats, me vart nesten ferdig før regnet hølja ned.

Du har kan hende sett at det alt er komen ein klopp på plass? Bygdelaget treng folk utover hausten til dugnad for å rydda stien og å bere på plass benkar, bruer og kloppar og slikt. Me ser fram til kjekke dugnadsdagar for folk i alle aldrar i haust. Ta kontakt med Inger Helen Midtgård tlf 45232052, om du vil bidra, eller sjå etter oppslag eller informasjon på facebook.

Viljar og Sondre Larssen arbeidde dugnad og bar delar til kvilebenkane på plass.
Eivind Ulveseth og Olav Luggenes set opp ein av kvilebenkane på staden der Jon Johnsen hadde «sin» benk
Sjå kor fint det vart!