Gå til innhold

Bygdelaget 5915

Ei nettside om bygdelivet på Hjelmås og Leiknes

  • Velkomen hit
  • Folk og hendingar på 5915
  • Foreningar, lag og aktivitetar
    • Lag og foreningar
    • Storstova
    • Livssyn
  • Lokale verksemder
  • Bygdelaget
    • Soger frå bygda
      • Gamle tekstar
    • Dokument og fråsegner

Kategori: Nyheiter

Ny jubel for revygjengen!

14. mars 201814. mars 2018

«Du store Alvera» er tittelen på årets revy i Ungdomslaget Heimhug. Lørdag og søndag 17. og 18. mars har du sjansen til å sjå den! Familieframsyningar 17. mars kl 19, og 18. mars kl 16 og 19. Stemninga var høg med både pub og revypremiere sist helg. I kjend stil, med kjærleg harselas med alt … Fortsett Ny jubel for revygjengen!

Vakre tonar skal fylla Storstova

19. januar 201824. februar 2018

Bygdelaget har skaffa eit staseleg flygel til Storstova! 19. desember kom flygelet vårt med Hurtigruta frå Brønnøysund. Spent tok me imot det og sette det i Storstova. Same kveld var det spontankosnert og testing av det nye vidunderet. Dagen etter fekk heile Leiknes skule høyra vakre tonar frå instrumentet på juleavslutninga si. Flygelet er eit Yamaha … Fortsett Vakre tonar skal fylla Storstova

Innleggsnavigasjon

Newer posts

Følg oss

  • Facebook
  • Instagram

Folk og hendingar

  • Er du klar for årets høgdepunkt?
  • Reglar for logo-konkurransen
  • Skrivestove for høyringssvar i Steinarstova 16. juni
  • Årets sambygding!

Ord og uttrykk

Svein Børtveit deler si samling med lokale ord og uttrykk med 5915.no sine lesarar.

Les meir her.

Bygda vår

Omlag 700 husstandar eller nesten 1500 innbyggjarar har postadresse 5915 Hjelmås, Bygda ligg i Alver kommune utanfor Bergen i Nordhordland.

«Arealet» strekkjer seg frå Mundalsberget nær Knarvik til Eikangervåg austover langs Europavei 39, mot Søreide i Seim, og til Heggernes før Høyland.

Bygdene Leiknes og Hillesvåg høyrer inn under 5915 Hjelmås, og alle bygdene høyrer inn under Leiknes skulekrins. Det er denne krinsen desse nettsidene i hovudsak dekkjer.

Bygda har daglegvarehandel, skule, barnehage, kyrkje, bedehus og ungdomshus. I tillegg kjem ein del småindustri, serviceverksemder og gardsdrift.

Årskontingent til bygdelaget

Fellesorganet Bygdelaget 5915 treng driftsmidlar for å oppretthalda aktiviteten sin. Me håpar difor at flest mogleg vil støtta arbeidet vårt med å betala ein årleg kontingent.

Pengane går blant anna til å skapa og marknadsføra felles møteplassar og arrangement, finansiera utmerkingar som Gladihaugpokalen og Årets sambygding, innkjøp av felles utstyr, og andre aktivitetar som skal koma alle til gode.

Enkeltmedlemskap i Bygdelaget kostar 100 kr, husstandsmedlemskap kostar 200 kr.
Kontonummer er 3632 56 07771
Vipps til nummer 127433

Kontaktperson

Inger Helen Midtgård, leiar: 452 32 052

E-post: post@5915.no

Vipps til Bygdelaget 5915

 

Nettsted bygget med WordPress.com.