Vakre tonar skal fylla Storstova

Bygdelaget har skaffa eit staseleg flygel til Storstova!

19. desember kom flygelet vårt med Hurtigruta frå Brønnøysund. Spent tok me imot det og sette det i Storstova. Same kveld var det spontankosnert og testing av det nye vidunderet. Dagen etter fekk heile Leiknes skule høyra vakre tonar frå instrumentet på juleavslutninga si.

Flygelet er eit Yamaha Hybrid AvantGrand N3 med «flight», ein spesialbygd kasse. Kassen er ideell med tanke på at det kan stå på scena og vere skjerma for anna bruk av Storstova som idrettshall. Flygelet simulerer to av verdas beste flygelmerke, treng ikkje stemming og har ein svært naturtru klang og lyd.

Sjå omtale av instrumentet her 

Folk som nyttar Storstova til kultur- og livssynsaktivitetar ønskte eit stabilt og permanent tangentinstrument i Storstova. Midtgård bedehus kom med ei gåve på 30 000 kroner. Sidan søkte me støtte ulike stader, og Inger Johanne Ektvedt gav oss 10 000. Me er veldig takkasame for gåvene me har fått.

Kantor Boris Kuprijanov, kulturskulerektor Arild B. Nilsen og kyrkjemusikar Ove B. Danielsen hjalp oss med å finna eit instrument som er optimalt for bygget og formålstenleg for den bruken me tenkjer oss. Tusen takk til dei for flott innsats med å finne eit instrument som passar perfekt til Storstova.

Me har fleire unge lovande musikarar i bygda som både spelar piano og syng. Flygelet vil gje oss eit kulturelt løft, og me gler oss til å fylla Storstova med musikk.

Bygdelaget vil no driva innsamlingsaktivitet på ymse vis for å få på plass resten av pengane. Det er søkt om midlar frå kommunen og andre, det vert konsertar og flasker for flygel-innsamling til våren. Andre idear til å få inn resten av pengane mottek me med takk. Vil du gje ei gåve til flygelet så kan du vippsa det beløpet du ønskjer til 127433, eller overføre til Bygdelaget 5915 sin bankkonto: 3632 56 07771.

Treng du låne flygelet til eit arrangement kan du kontakte Bygdelaget v/ Inger Helen Midtgård tlf 452 32 052 e-post: ihmi@hvl.no. Me kjem attende til ordingar for utlån, då me både vil ha flygelet i aktivt bruk men også ta godt vare på det, slik at instrumentet kan vera til glede for oss i mange, mange år framover.