Er det mulig? Ja det er det. Me har allereie hatt Storstova vår i eitt år! Alle hugsar den fabelaktige opningsdagen - no feirar me det første året med ein variert konsert. Konserten er til inntekt for lydanlegg og flygel, det er store investeringar som bygda har gjort for å gjera Storstova attraktiv å bruka … Fortsett Jubileumskonsert i Storstova 10 juni!
Kategori: Nyheiter
Flott feiring på 17. mai
17. mai-feiringa på Leiknes skule samla ei fullsatt Storstova, med kjekke aktivitetar både inne og ute. Årets sambygding vart kåra, og den flittigaste Gladihaug-gjesten fekk sin pokal. Eit imponerande dugnadsarbeid vart nok ein gong levert av ein travel 17. mai-komité, og veret viste seg frå si beste side. Dei mange aktivitetane holdt store og små … Fortsett Flott feiring på 17. mai
17. mai-programmet er klart!
Bilete: Signy og Ragna helste 17. mai-toget frå badekaret i fjor. Det er meldt godt ver og alt ligg til rette for ei flott 17. mai-feiring på 5915. Her er programmet for dagen: 11:00 Gudsteneste i Hjelmås kapell 12:30 Prosesjon frå Apalen til Leiknes skule • Leiknes blåseorkester spelar 13:15 Samling på Leiknes skule • … Fortsett 17. mai-programmet er klart!
Bygdeaksjon mot boss i strandsona
Bygdefolk hang over ripa i ein heil armada av båtar på tokt for å reinska strandsona vår for boss – og dei fekk litt av ein fangst. Første lørdag i mai vart suksessen frå i fjor gjenteken – strandsona skulle få ei skikkeleg vårreingjering, og dugnadsånda var på topp. Om lag 80 frivillige var med … Fortsett Bygdeaksjon mot boss i strandsona
Handelslaget vart Årets Butikk!
(Foto: Nordhordland) Det om lag 120 år gamle Hjelmås Handelslag har fått ei velfortent utmerking frå Matkroken-kjeda. Vår kjære butikk vart regionsvinnar i region øst/vest, med heiderstittelen Årets Butikk i kategorien for butikkar med omsetnad under 10 millionar. - Me visste ikke at me var nominerte, så dette kom veldig overraskende, seier ein gledesstrålande butikksjef … Fortsett Handelslaget vart Årets Butikk!