Fredag 11. mars var Bygdelaget 5915/LivOGLyst Hjelmås vertskap for ei LivOGLyst-samling med 50 engasjerte LivOGLyst folk frå heile Vestland.
Ungdomshuset Ljosheim var fullsett, og Hjelmås fekk presentera sitt utviklingsprosjekt som me har arbeidd med sidan 2018 – om å skapa kortreist glede her me bur.
Alle dei andre stadene fekk også kort presentert sine prosjekt og delt erfaringar.
Ein tur nedom hjarta i bygda, Hjelmås kai vart det også, før det var fiskesuppe og kultur i naustet til Øystein Angelskår. Her fekk dei som kom i tide glede av solnedgong og motordur frå «Smykkeskrinet», og ein tår kokekaffi frå bålet.
I naustet var det kulturprogram med Jakob Sande i orginalversjon, allsong og fiskesuppe med heimelaga flatbrød og focaccia. Dei to gamle tantene Signy og Ragna dukka også opp og hadde både eitt og hitt å seia om både LivOGLystprogrammet og nokre klåre meldingar til kommunen om dekka som ligg på havsens botn ved Hjelmås kai. Dekka hentar Signy sjølv når ho er ferdig med dykkarkurset på Senioruniversitetet.
Dei langveisfarande frå både Indre Sogn, Nordfjord, Sunnhordland og Hardanger og dei meir kortreiste besøkjande frå både Fedje, Askøy og Hjellestad var alle takksame for fine opplevingar og godt vertskap.


