Utvalsarbeidet for trafikksikring for Leknes skulekrins er no avslutta, og har munna ut i ein rapport. Representantar frå Bygdelaget 5915 og andre organisasjonar deltok i møte med utvalet. I rapporten er det foreslått fleire tiltak.
Gjennom arbeidet med denne utgreiinga har arbeidsgruppa fått eit klart inntrykk av at mange opplever at skulevegen er utrygg, står det i rapporten. Dette gjeld særleg Fv 5452, Leknesvegen mellom Mundal og fram til skulen. Her er vegen svært smal og den manglar fortau. Når det er store køyretøy er det omtrent ikkje plass igjen til fotgjengarane. Fartsnivået er målt til å vere lavt, men frykta for at det skal skje ei alvorleg ulykke er der likevel. Denne strekninga er ca 1 km lang og terrenget er sidebratt. På delar ligg husa tett opp til fylkesvegen. Det er per i dag ikkje utarbeidd planar for utbetring av denne vegstrekninga, og det vil såleis gå fleire år før den kan bli sikra med mellom anna fortau. Arbeidsgruppa har stor forståing for den utryggkjensla som bebuarar og trafikantar kjenner på. Som kortsiktig tiltak foreslår vi mindre utvidingar, siktutbetring og møteplassar, heiter det i rapporten.
Rapporten kan lastast ned frå denne sida (nederst). Tiltaka står skildra frå side 31.
Generelle tiltak vil vere som lista opp under:
• Lage forpliktande prosedyre mellom kommunen (skulen), barnehagen og transportselskap/leverandørar om korleis transporten (inklusiv stans ved henting/levering) til skule og barnehage skal utførast.
• Trafikantatferd som tema på foreldremøte.
• Gjennomgå rutestrukturen saman med Skyss. Dette særleg for å unngå at bussar møtes og må rygge i tida når borna går til og frå skulen.
• Vegetasjonsrydding langs heile Leknesvegen.
• Kartlegge om det er behov for, og utbetre punktvis vegetasjonsrydding på dei øvrige vegane i skulekrinsen.
• Kartlegge rekkverk langs Fv 5452 og utbetre dårlege rekkverk.
• Oppgradere vegmerkinga langs fylkesvegane i skulekrinsen.
• Gjennomgå, vurdere endringar og fatte vedtak for fartsgrensene på det kommunale vegnettet i skulekrinsen.
Strakstiltak er haldningsskapande og organisatoriske tiltak, samt fysiske tiltak innanfor dagens vegareal og som treng minimalt med prosjektering. Eksempelvis skilting, siktrydding og korte rekkverk. Tiltaka kan normalt utførast innan eit år.
Kortsiktige tiltak er mindre fysiske tiltak i tråd med godkjente planar, eller som treng mindre grunnkjøp. Det vil vere trong for detaljprosjektering og eventuelt grunnkjøp. Tiltaka kan normalt utførast innan 3 år.
Langsiktige tiltak er større fysiske tiltak som treng formell plan, omfattande prosjektering og grunnkjøp. Tiltaka treng finansiering utover dei ordinære trafikksikringsbudsjetta. Normalt vil det gå meir enn 3 år før tiltaka kan realiserast.
For alle kategoriane er det det ein føresetnad at tiltaka vert tildelt midlar og prioritert opp mot andre prosjekt hjå vegeigarane.