På ein litt fuktig septembersøndag var 36 bygdefolk i alle aldrar med på ei fin bygdevandring i området Sandvik, Hagesæter, Nordale og til Vaet.
Veret var nesten opplett med lett duskregn. Me fekk spennande fortellingar om livet i Sandvik, den gong då bedehuset var i drift som bedehus, med Sandbergfilmar i palmehelga og gilde juletrefestar der borna fekk ein halv skillingsbolle, ei mandarin, eller kan hende ei lita rosinpakke eller sjokolade oppi ein papirpose, lukta av kakao med snerk og svidde skosolar på dei runde omnane under bedehusbenkane fylte salen. Bedehuset var brukt både til sundagsskule og Yngres. Og nokon mintes kor kjekt det var å ha kort veg til sundagsskulen når vegen til Leiknes skule var så lang. Å tjuvlåna nøkkelen til bedehuset, gå på lemmen og finna stjernene til frammøtekortet, og dimed vera dei som hadde mest stjerner i boka, var også ei forteljing som fekk dei frammøtte til å humra litt.
Tidlegare Vassbygda skule ligg vakker og raudmåla med utsikt til Sandvikavatnet. Her hadde fleire av dei frammøtte gått nokre år på skulen, før dei flytta til Leknes skule i 1961. «Kvammen» skulte og i friminutta leika dei troll. «Kvammen» stod i skuggen som troll og skulle ta elevane til fange, og kom han ut i sola så vart han til stein. Mange gode minner frå tida då dei som budde frå Vaet til Apalen gjekk på den vetle skulen i Vassbygda.
Me fekk høyra om ferskvassaure fanga med hendene, kvernhus og kvifor det heiter Sørale, Nordale og Hågarden. Kvifor det heiter Hagesæter er det ulike forklaringar på. Er det rette namnet Hakset, etter mannen Haki som busette ser her, Hakisete, eller er det det høgaste setet som har gjeve namn til garden? Det fekk me ikkje svar på.
Hagesæter var før som mange andre gardar eigd av kyrkja, og var så eit klyngetun, for det vart delt i ulike gardar. Då nokon i familien skulle få flytta huset ned til vegen, skjedde avgjerda ved loddtrekning. Det var litt ugreie i familien av dette, fortalte Hans Jakob. Dei som ikkje fekk flytta ned vart visst snurt. Under krigen vart folk evakuert frå Bergen, og ein familie frå Salhus søkte ly hjå folk på Hagesæter. Her var det både husrom og hjarterom, og søt musikk oppstod mellom dei unge som budde der under same tak.
Gardsdrift har det vore på storgarden Hagesæter lenge. Det var før i tida ein stor og moderne flor med mjølkemaskin, men då Linn overtok etter faren Hans Jakob var tida moden for modernisering. Ho valte å avslutta mjølkeproduksjon og gå over til juletre som næringsveg.
Løa er no riven og gjer plassen til eit grindabygg som er så godt som ferdig. Linn kjøpte like godt eit eige sagbruk, og så nær som alt tømmer til grindabygget er henta frå heimegarden.
På Nordale står det eit gamalt hus, som Hans Jacob har rehabilitert og fått i god stand. Det er kjekt når slike gamle vestlandshus vert så godt vedlikehalde som dette.
Kålås, eller Kalsås som dei seier, fekk me sjå på vegen ned frå Renen. På turen fortalde dei frå Kalsås om då dei som born leidde kyrne frå Kalsås over til oksen på Hagesæter.
Så gjekk turen utover Sandvikdalen og utetter Botnavegen der May Eva viste oss stien til Sandvikafjellet. Andre verdskrigens motstandsfolk gøymde seg her i holar og i «kåken», og bygdefolk gav dei mat og hjelp, med eigne liv som innsats. Me fekk høyra om Olav Kålås som på julaftan gjekk frå kåken og heim til Kalsås på ski for å kikka inn vindauget heime hjå foreldra sine. Han gav seg ikkje til kjenne, det var for farleg både for han som var motstandsmann og for foreldra hans, som ikkje måtte vita noko.
Garden Sandvik ligg vakkert til med utsikt til det idylliske Sandvikavatnet. Staden har namnet sitt av sand og vik. Historia fortel at her var busetnad før svartedauden, og dokumentert busetnad frå 1600-talet. Garden Sandvik har tidlegare vore fleire bruk, men frå 1990 talet vart det igjen ein gard. Det har vore miølkeproduksjon også her, men no er det sauehald som gjeld .
Turen Sandvik, Hagesæter, Norale om Vaet og attende, var ei fin bygdevandring som godt kan gjentakast fleire gonger, med flinke lokale historiefortellarar som guidar.
Har du idéar og kjennskap til andre rundturar i bygda, kan du litt lokalhistorie og vil dela med andre, så er det fint om du tek kontakt med Bygdelaget. For bygdevandring vil me gjerne ha fleire gongar!
Turen begynte ved det gamle bedehuset, no klubbhuset til Holy Riders Det gamle skulehuset for Vassbygdi.