Har du eit bord, nokre stolar, eit par gryter og kanskje ei steikepanne? Det er i grunnen alt som trengs for å vera vertskap på årets vandrande matfestival 9. november!
Minste antal du må kunna ta i mot, er 6 personar til kvart måltid. Du må bu langs strekninga Hjelmås Handelslag – Leknes skule.
Utgifter blir dekka
Du treng ikkje laga veldig avansert mat, men forrett, hovedrett og ein dessert etter eige ønske. Du får utgiftene dekka, og mange greie folk på besøk. Til slutt kan du bli med på etterfesten og treffa alle gjestane dine igjen.
Les om tidlegare matfestivalar her:
Arabisk og norsk tradisjon
Vandra saman til varierte menyar
Dette seier nokre av dei tidlegare vertane
Gro Helen Kleiven:
«Jeg ser tilbake på min erfaring som vertskap for matvandringen med glede. Positive gjester på hvert skift og som heller ikke var redde for å tilby en hjelpende hånd.»
Vivian Husa: «Det har vore utrolig kjekt å vera vertskap. Folk er glade uansett kva dei får og blir gladere og gladere utover kvelden.»
Vil du opna heimen din for bydgefolk lørdag 9. november?
Kontakt Charlotte Grøttveit for meir informasjon og påmelding som vert! Tel 93285058

Mange i bygda gler seg til å treffast på ny den 9. november!