Frittgåande piratar, ein ellevill tryllekunstnar, kaker, ansiktsmaling og anna moro sørga for full aktivitet i Storstova ein augustlaurdag. Og nokre tøffingar deltok på fiskekonkurransen i ruskeveret.
Vanlegvis er familiedagen eit arrangement som går føre seg på Hjelmåskaien, men i år måtte bygdelaget snu seg rundt og bruka Storstova på grunn av veret. Men det sette ingen stoppar for verken deltakinga eller stemninga. Heile 500 store og små var innom dei timane moroa varte.
Hjelmås Handelslag fyller 125 år, og spanderte marsipankake på bygdefolket. Det gjekk med heile 18 rører til steiking av sveler, der UL Heimhug stod for salg og servering.
Borna hadde nok å henga fingrane i med gøye aktivitetar, der turen innom til tryllekunstnaren Andini var eitt av høgdepunkta. Ute i paviljongen hadde to løgne piratar fått landlov, og dei hadde ei skattekiste med godsaker til borna som hadde gått natursti og svart på spørsmål.
Inne i salen kunne folk sjå på danseoppvisning med Olivia og Celine, og høyra vakre, sjølvkomponerte tonar framført av Ingrid Helene Raunehaug. Det var også danna eit pop up-kor for anledninga, med ein eigen song om det elleville trivselslotteriet som lokalentusiasten Yngve Fyllingen hadde sett i gong.
Mange møtte opp til det avsluttande punktet i programmet, som var trekking av vinnarar i trivselslotteriet. Folk og næringsliv har gått mann av huse for både å gje premiar og kjøpa lodd, der inntektene går til å ta vare på miljøet på og rundt Hjelmåskaien og butikken vår. Pengane som kom inn, blir forvalta av ungdomslaget til dei blir brukt til målretta tiltak som skal gjera det endå kjekkare for folk å besøka kaien, stranda og butikken (sjå vinnarlista nederst).
I fiskekonkurransen stakk Johannes Vikingsen Weimer av med førsteplassen for største fisk, på 1,6 kilo.









