Årets sambygding 2024: Ingvar Aasgard

Ingvar Aasgard vart tildelt prisen for Årets sambygdning. Utmerkinga vart offentleggjort under nasjonaldagsfeiringa på Leknes skule. Her er juryen si grunngjeving.

Årets sambygding har gjeve eit stort bidrag for gode fellesskap og eit godt ungdomsmiljø her i bygda. Årets sambygding har gjort ein årelang innsats for barn og unge i bygda vår. Truleg snakkar me om nesten førti års innsats. Ein innsats som bidreg og byggjer gode, trygge, aktive fellesskap for barn og unge.

Gjennom klubbar og lag i kristen regi har årets sambygding møtt og vorte kjend med svært mange av dei som har vakse opp i skulekrinsen vår.  

Han og kona opna, før dei fekk eigne born, i ei årrekkje eigen heim og hadde ungdomsklubb i eiga stove. Dei viste engasjement, hjarterom og husrom.

Etter kvart gjekk årets sambygding over til å vera leiar for Leiknes Ungdomsklubb (LUK) for 7. klassingar og oppover i fleire år. I tillegg var han engasjert i og hadde verv i idrettslag og fleire andre organisasjonar. Årets sambygding har stor kapasitet og velvilje!

Då eigne barn vart store engasjerte årets sambygding seg i Torsdagsklubben for 4.-6. klassingar i bedehuset. Der har han vore  og er framleis ei trufast drivkraft. Årets sambygding går inn i dei fleste roller og oppgåver – han er fleksibel og tilpassingsdyktig som få andre.

Han gjer dei fleste oppgåver og går inn i dei fleste roller, iført redningsvest, med og utan kjevle, inne som ute, med fiskestong og lommelykt i eit utal ulike aktivitetar. Han er ein god lagspelar, han er påliteleg, optimistisk, kreativ og stabil. Han har gode leiareigenskapar og er ein god rollemodell for barn og unge med sin stillferdige og lune, men også trygge og tydelege veremåte. Tydeleg når det trengs.

Årets sambygding er ein av desse sjeldne menneska som berre er der og stiller opp år ut og år inn, tek sitt ansvar og fer stille med det. Han er eit uunnverlig tannhjul som fyller ein viktig plass for mange.

Gratulerer frå Bygdelaget 5915!