Døgnopen butikk blir vurdert som framtidig tiltak for å redda Handelslaget.
Dei 13 frammøtte på årsmøtet til Hjelmås Handelslag fekk ei god orientering om korleis året 2022 hadde vore for butikken på kaien på Hjelmås.
Året har vore vanskeleg, med høge driftsutgifter slik som auka straumrekning og redusert omsetting. Dette førte til eit underskot på om lag 78 000 kroner. I tillegg har naudsynt vedlikehald ført til auka kostnader.
Styreleiar Geir Nilssen takka for spleisen som folk på Hjelmås sette i gang for å hjelpa butikken då straumprisane sette butikkdrifta i fare. «Spleisen redda Handelslaget» sa han som kommentar til årsmeldinga. Så tusen takk til alle som bidrog!
Styret og dagleg leiar Ørjan Namdal har fokusert på framtida for Handelslaget og korleis dei kan sikra ei god drift. Det er gjort ei rekke tiltak for å redusera kostnadane og sikra ein god likviditet. Døgnopen butikk og aksjeemisjon vart drøfta som aktuelle framtidige tiltak, noko årsmøtet var positive til å få utgreia. Døgnopen butikk vil utgjera ei større investering, og sal av huset på kaien «Gråmuren», kan bli eit alternativ for å få pengar til investeringa som døgnopen butikk vil kosta. Her er ikkje diskusjonen landa. Døgnopen butikk vil innebera at butikken heldt på sine vanlege opningstider som no, i tillegg til at den er open for sjølvhandling heile døgeret.
Takk til styret som gjer ein stor og frivillig innsats for at me har butikk på Hjelmås, og takk til dagleg leiar og dei andre tilsette som gjer ein solid innsats for butikken – «bygdas bankande hjarte» – med eit hyggeleg kaiområde og eiga badestrand.
Og takk til deg som handlar på butikken!
