Og blir uttala som å i trykklette samanhengar.
Ord med ld eller ll blir dl. Døme: Sild – sidl, halda – hadla, alle – adle
Ord med nn og n blir ofte til dn. Døme: inn – idn, kunne – kudne, han – hadn, henne – hedne.
Ord med m eller mm blir ofte til bm. Døme: Kom – kobm, kammen – kabmen
Ord med rn blir ofte til dn. Døme: jern – jedn
Ord med ke blir ofte kje. Døme: lake – lakje, flake – flakje
Ord med a blir ofte til å. Døme: ank – ånk, tanke – tånkje, band – bånn,
Ord med o blir ofte til ø. Døme: ei stove – ei støva, å borga – å børga
Ord med æ blir ofte til e. Døme: kjæte – kjeta, kjær – kjer, fæl – fel, kjælen – kjeln.
Ord med e blir ofte til æ. Døme: eple – æple, resten – ræstne, skikkeleg – skikkelæ.
Ord med gn-lyd fekk gjerne ein n-lyd framføre i tillegg. Altså: ngn. Døme: ringna
Eg har prøvd å følgje lyden når eg skriv orda. Det betyr at du for eksempel finn ordet ”etter” under æ som ”ætte” og ”orsak” under å som ”årsak”.
Der er ein mellomlyd mellom u og ø som ofte er vanskeleg å identifisere. Der har eg heilt sikkert ikkje vore konsekvent. Det har både med min manglande kompetanse å gjere. Men det har også med at ulike personar kunne vere litt ulik i uttalen, at uttalen skifter etter som tida går og at det, så langt eg kjenner til, ikkje er noko teikn for denne lyden. Døme på denne lyden kan vere ordet ei stund. Ofte uttala med ein svak ø-lyd: stønn. På same vis med Mundal. Mange sa nesten Møndal. Det ”verste” er at Børtveit også er i denne gruppa. Mange uttala det med ein mellomting av ø og u. Nesten Burtveit. Det var langt i frå ein tydeleg ø-lyd som i søl og øl.
Det er også ein mellomlyd mellom i og e som stundom er litt problematisk. Nokon vil vel seie ”slek slag”, mens andre har meir tydeleg ”slik slag”. Eit anna døme kan vere ”minner” der i-en nesten er ein e-lyd.
Der det er kj-lyd, har eg prøvd å bruke enten kj eller tj konsekvent, sjølv om det strir mot alle rettskrivingsreglar. Og dette er alltid ein klar kj-lyd, – som i engelsk church, og altså ganske langt ifrå den slappe shj-en som etter kvart har breidd om seg! Døme: kyr – kjyr, kjelke – kjælkje.
Presens-r blir ikkje uttala i a-verb. I mange verb blir derfor presens lik preteritum. I eldre tid var med heller vanleg at r i presens ikkje blei uttale i fleire verb. Men det heng enno noko i. Døme: ”Eg ha ’kje tid. Eg bu meg te å reisa.” (Etter grammatikken skulle det vore ”har” og ”bur”)
Presens partisipp blir uttalt utan d. Døme: gangande – gangane, hoppande – hoppane.
I ein del trykklette samanhengar blir h-en borte. Døme: Til ho mor – te ’o mor.
Ein del samandrag når eit ord står i ein trykklett samanheng. Døme: henne – ’ne, ikkje – ’kje
Når vert ofte brukt i staden for då, sjølv om det blir ”feil” etter regelen om ”alltid når” og ”dengong då”.
Døme på bøying av substantiv:
eintal ubunden | eintal bunden | fleirtal ubunden | fleirtal bunden | |
Hankjønnsord | (ein) gut
sko fot |
gutn
skodn fotn |
(fleire) guta
sko føt |
(adle) gutane
skona føtna |
Hokjønnsord | (ei) jenta
kjyr tå tedn hånn |
jentå
kjyræ tånæ tednæ/ tødnæ hånnæ |
(fleire) jente
kjyr te tedn hænn |
(adla) jentna
kjydna tedna tedna hænna |
Inkjekjønnsord | (et) hus
brø aua øyra |
huse
brøe aua øyra |
(fleire) hus
brø aue øyre |
(adle) husæ
brøna auna øyrna |
Av og til finn vi restar av akkussativ og/eller dativ etter bestemte preposisjonar: Riktig gammalt: ”Gakk idn i støvene”. Seinare: ”Ga idn i støvå”.
”Da e’kje rå te kobma ut om husane tå da ringna so felt.” ”Ver no her rundt husane ei stunn.”
Verba har konsekvent a-ending i infinitiv.
Fleire av dialektorda var og er ”problematiske”, særleg i møte med byfolk og folk frå andre landsdelar. Det kan vere ord som jerkvedle (gårkveld) og dekå. Dekå trur eg må vere det verste. Det er like unaturleg å bruke både ”dykk” og ”dere” (eller ”eder” om det så skal vere.) Der er liksom ikkje så mange alternativ. Så då er det mange som vel ei slags mellomløysing som deko eller dåke, eller det stoppar heilt opp, og dei seier ein heilt annan setning.
Dialekten ligg klårt nærast nynorsk, men der er mange unntak. For ein del ord brukar ein like gjerne bokmålsord som nynorskord, ei blanding av begge, eller verken bokmål eller nynorsk. Døme på dette kan vere lys – ikkje ljos, jul – ikkje jol, bety – ikkje tyde, mjelk – verken bm. melk eller nyn. mjølk, jomme – verken rjome eller rømme, dekå – verken bm. dere eller nyn. dykk, stompa – verken snuble eller snåve, kjirkja – verken kirke eller kyrkje.
Det er òg mykje vanlegare å bruke ”lånord” med utanlandsk påverknad, som for eksempel ord som startar med be–, for– eller ge–, og ord som endar på –else eller –het, enn det som er lovleg og anerkjent i nynorsk. Grunnane til dette kan sikkert vere fleire. Ein av dei kan vere påverknad frå Bergen og møte med internasjonal handel etc. der. Ein annan kan vere at folk lenge las Bibelen og Huspostillen på dansk eller gammalt bokmål.
Dialekten her er heilt fortruleg med besvima i staden for uvite, bekjenna i staden for sanne, salig i staden for sæl, beslagleggja i staden for kverrsetje, beretta i staden for melde, forelska – ikkje hugteken, forgjeves – ikkje fåfengd, fordøyelse i staden for matmelting, geberde i staden for fakte, geleida for følgje, jevinst (gevinst) – ikkje vinst, og mange fleire slike.
I dialekten er også brukt ei rekkje else-endingar. ”Du hendelse i verne!” = Du store mi tid! Og vidare forbindelse for samband, hukommelse for minne, innflytelse for innverknad/ påverknad, tykkelse for tjukkleik, gjentakelse, bekjennelse, forlovelse og mange fleire.
Kjærleik er heller ikkje ofte brukt i den munnlege tradisjonen. Då er det lettare med kjærlighet. Og i staden for røyndom kunne ein like gjerne seie virkelighet/ verkelegheit.
Der det er døme på setningar som er sagt, eller kunne vore sagt, brukar eg lydbilete så langt eg har fått det til. Eg skriv t.d. ”Ola å Kari” fordi ”og” i denne samanstillinga blir uttala som å.
Understrek – Trykktung staving
m – substantiv, hankjønnsord f – substantiv, hokjønnsord
n – substantiv, inkjekjønnsord ( …) – forma i ordlista