Er det ein haug me er glad i så er det Gladihaug! Gladihaug pokalen har vore eit populært og motiverande tiltak for folkehelsa i lang tid. Det er Jon Arne Hopsdal som held greie på bøkene og legg ut nye når det trengs, og frå 2022 er det Jesper Munch som tel opp og lagar … Fortsett Gladihaugpokalen 2025 🏆
17.mai på Leiknes skule
PROGRAM 11:00 Gudsteneste i Hjelmås Kapell 12:00 Prosesjon frå Apalen til Leiknes skule Leiknes Blåseorkester spele Premiering til beste klasse for hurrarop, song og stemning i toget Kioskane og aktivitetane byrje ute når toget kjem til skulen. Kafeen inne blir opna etter program. 13.00 Samling på Leiknes skule- Storstova Velkomen v/ Raymond Midtgård Allsong: «Ja, … Fortsett 17.mai på Leiknes skule
Kven blir årets sambygding?
Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 20.april. Tove Mette og Yngve Fyllingen vart tildelt prisen for Årets sambygding i fjor. No vonar … Fortsett Kven blir årets sambygding?
Årsmøtet blei kjend med Betel 2.0
Årsmøtet i Bygdelaget 5915 fann stad i gamle Betel Leknes, no med namnet Betel 2.0. Etter årsmøtet var det pizza til dei frammøtte, og Ove I.B. Danielsen gledde forsamlinga med ein flott konsert. Bygdelaget har hatt som mål å ha møte i alle forsamlingshus i området 5915 Hjelmås, og denne gongen var det Betel som … Fortsett Årsmøtet blei kjend med Betel 2.0
Håp om ei løysing for «dekk-saka»
Bygdelaget er i god dialog med Alver kommune om å finna ei løysing for fjerning av gummidekka som forureinar fjordbunnen ved Hjelmås kai. Leiinga i kommunen er klare på at dei ønskjer å få dekka bort. Kostnadsestimatet er på 13 millionar kroner, og kommunen har satt av 5 millioner til tiltaket. Vilkåra for at arbeidet … Fortsett Håp om ei løysing for «dekk-saka»