17. mai-feiringa på Leiknes skule samla ei fullsatt Storstova, med kjekke aktivitetar både inne og ute. Årets sambygding vart kåra, og den flittigaste Gladihaug-gjesten fekk sin pokal.
Eit imponerande dugnadsarbeid vart nok ein gong levert av ein travel 17. mai-komité, og veret viste seg frå si beste side. Dei mange aktivitetane holdt store og små i sving, og folk kunne nyta eit godt måltid og festkaker inne i Storstova.
Fekk pris for fabelaktig butikk-innsats
Styret i Hjelmås Handelslag vart kåra til Årets sambygding av Bygdelaget 5915. Bakgrunnen for heideren er at styret dreiv verksemda på dugnad i ni månader. I lag med dei tilsette tok styret grep då butikken stod utan dagleg leiar i ei kritisk tid. Styremedlemene troppa opp på skift og tok aktivt del i det daglege arbeidet og drifta , slik at dei tilsette kunne beholda jobbane sine og bygdefolket framleis kunne handla det dei trong.
Styret har saman med dedikerte tilsette berga butikken vår, og no blømer Hjelmås handelslag som aldri før med auka årsomsetning, overskot og utmerking som «Årets butikk».
Styreleiar Jon Ole Sandvik tok i mot heideren av leiaren i bygdelaget, Inger Helen Midtgård. Dei øvrige styremedlemene i handelslaget i denne perioden har vore Lars Alvær Hagesæter, Tove Mette Fyllingen, Jarle Sæbø og Yngve Fyllingen.
Cecilie var flest gongar på Gladihaug
I året 2017 var det 4723 noterte besøk i gjesteboka på Gladihaug, og det er om lag 900 forskjellige personar som har registrert seg. Ein heil flokk med hundar er også skrivne inn i gjesteboka. Pokalvinnar for 2017 er Cecilie Selvik. Ho har teke turen til Gladihaug heile 335 gongar, i all slags ver og vind!
Dei neste på resultatlista er:
2. Roald Grøttveit 311 turar
3. Vidar Hopsdal 239
4. Lars Kåre Eikrem 202
5. Grethe Grøttveit 165
6. Randi R Hopsdal 144
7. Steinar Hopsdal 118
8. Geir Ove Hopsdal 96
9. John Harald Valle 53
10. Randi Næss Fotland 51
11. Astrid Landro 48
12. Kristoffer Mellingen 48
13. Tore Eidsheim 47
14. Svein Åge Fyllingen 45
15. Jon Arne Hopsdal 42
16. Anders Valle 42
17. Svein Hopsdal 36
18. Terje Romarheim 30
19. Turid Å Angelskår 30
20. Eivind Ulveseth 29
21. Terje Håkon Hagesether 28
22. Johanna Seim 22
23. Tove Heggernes 22
24. Margunn Romarheim 21
25. Inger Oppheim Hindenes 21
26. Stian Hauge 21
27. Mona Tverberg Fyllingen 20
28. Ronny Eidsheim 19
29. Harald Eidsheim 18
30. Erik Blindheim 17
31. Robert Valle Eknes 17
32. Joakim Rasmussen 17
33. Sidsel Styve 16
34. Kine Cecilie Stensletten 16
35. Terje Eidsnes 16
36. Robert Mjøs 13
37. Jan Richard Midtgård 13
38. Anders Myhr 12
39. Arne Hopsdal 12
40. Lars Kristiansen 12
41. Trond Morten Dale 12
42. Arve Larssen 11
43. Ragnhild B Trefall 11
44. Trond Grøttveit 11
45. Preben Hagesether 11
46. Elisabet Valle 11
47. Anette Seljelid 10
48. Jogeir Romarheim 10
49. Arne Johan Sele 10
50. Tone Marit Vedå 10
51. Jofrid Hammersland 9
52. Arne J Egge 9
53. Pernhild Olsen 9
54. Jorun Botne 9
55. Katrine Dale Hopsdal 9
56. Tina Taule 8
57. Jenny Husdal 8
58. Jane Molvik 8
59. Therese Eidsheim 8
60. Sigmund Hagesether 8
61. Kristin F Romarheim 8
62. Paul Eknes 7
63. Inge Seljelid 7
64. Gudmund Husdal 7
65. Britt Hege Fjelstad 7
66. Renate Hopsdal 7
67. Espen Mo Hagesether 7