Samling av "vekas utdrag"

Ungdomslaget ”Heimhug” – Det handskrivne bladet ”Fram”. Her er utdrag 5915.no har publisert tidlegare, me fyller på veke for veke.

«Program for morsdagen, februar 1952
Hjelmås kringkastar har sendt ut dette programmet i anledning morsdagen:
(Ved ein feiltagelse er programmet ikkje kome med i programhefte, men vert gjort kjent i Fram)
Kl. 7.30: Borghild Hageseter kåserer om korleis mannfolk skal koka kaffi.
» 7.45: Morgongymnastikk for kvinner mens kaffien kokar, ved Ivar Vetlejord.
» 8.00: Vermelding og dagsnytt, ved Alfred Sætre.
» 8.15: Spebarnstell, ved Oddvin Hagesether.
» 8.30: Barnetime for dei minste, ved Birger Myr.
Kl. 09.30: Songar mor lærde oss, ved Marie Tredal.
» 10.00: Symfonikosert på gitar, ved Sylvia Styve.
» 10.45: I husmødrenes 5 min kåserer Sjur Heggernes om riktig laging av kjøttkaker.
» 11.15: Tale av Anderas Fyllingen om auka sauebestand i bygdene våre.
Frå kl. 12.00 til 14.00 vert det pause i programmet ved Edvart Hagesether.
«. 14.00: Kåserer Johs. Rognved om god skjøyteteknikk på snablar.
» 14.30: Operasongar av Alfred Sjursether.
» 15.00: Er det eit program som vert kalla Glade gutar, med viser, musikk og stubbar.
Medverkande: Johs. Rognved og Fritz Tredal. Programleidar Arnfinn Hjelmås
» 16.00: John Sjursether kåserer om påskebaksten og gjev gode råd og vink.
» 16.30: Folkemusikkhalvtimen. Arvid Sjursether spelar hardingfele og Jorunn
Brakvatne syng folketonar frå 18 hundre talet.
» 17.00: Kåserer Ingeborg Holme om ei måneskinnsnatt på Apalen.
» 18.00: Barnetime ved Kalle og Oppegarden.
» 19.00: Vermelding, dagsnytt og tipperesultat ved Alfr. Sætre.
» 19.30: Gamal dansemusikk ved Maria Holme og Borgh.Heggernes.
» 20.00: Rundomkring ved hr. og fru Nordås.
» 21.00: Høyrespelet «Ungkarar». Dei som er med: Olav Hagesether, Arthur Halstendal,
Alfred Sætre og Ivar Vetlejord.
» 22.05: Grammofonrapsodiar ved Ingolf Fyllingen.
» 23.00: Slutt av programmet med Aftensong av Johan Sjursether.»