Nr. 1 Vassbygdens ungdomslag den 10. april 1914 9. aarg
Paa livsensferdi
Altid fram mot maalet stemna, som mot høgdi vinkar deg!
Alltid hugheil, livsland emna, alt det ljose, fagre, femna,
som deg møter paa din veg, og deg lyfter steg for steg.
Kva so livet vil deg lova, var di gode banetru!
Den skal livsenskrafti vera, skal deg heilt til himlen bera,
vera deg ei fuldtrygg bru, gjennom daudens myrkje gru!
Um en myrkje sjyer stengjer, vegen tykkjest tung og trong,
ljoset gjennom myrkret trengjer, alle skuggar snart det sprengjer,
og ved maalet du engong, kveda kan ein sigerssong.
Klaus Sletten
Moren og dumme søn
Der var engang en mor som hadde en dum søn. Hun hadde aldrig andet end fortred og ærgrelse med ham, sjønt han var godmodig nok, men han kom galt fra alt, hvad han tog sig til. Engang gik moren til Kirken, men sagde først til sin søn: ”Bliv hjemme du og pas paa at suppen ikke koker over.” Hans, som han hed sønnen, passet paa alt hvad han kunde, og da suppen begynte at koge over, sprang han saa fort han kunde bort i kirken og robte: ”Nu koger suppen over mor!”. Konen skammet sig fryktelig og sagde til ham ”Du er da altfor dum, næste gang du har noget at sige mig saa visk det i øret mit og kom ikke stormende slig.” Hun anede gangske vist ikke hvad han næste gang vilde meddele hende. Det var ogsaa en søndag som hun var i kirken. Hans kom ganske sagte listende og viskede til hende: ”Mor, nu brender huset vaart.” Han havde mistet en glo nedi en kurv med spon. Konen sprang fort hjem, men da var det allerede nedbrent. Men det blev bygget opigjen, og Hans blev ikke klaget for det. Naar han skulle tappe vin, saa glemte han at stenge kranen og al vinen rant ut, og naar han skulde strø sand over nyvasket gulv og ikke finde noget sand, tog han melsækken og strøede dets inhold udover gulvet. Saaledes var han.
Konen havde maattet gjøre gjæld for at bygge op huset igjen, og da Hans bare skafet hende udgifter og det ikke var til hjelp for hende, gik det mer og mer tilbake for hende, og til sist blev huset taget fra hende og hun flyttede med sønnen bort i en forfalden jordhytte, og der levede de saa af hvad folk vilde give dem.
Aaa gaa ud og bed om lit, det maatte da Hans kunde gjøre, mente moren, og saa sendte hun ham ud for aa bede om milde gaver. Men heller ikke det kunde han. En gang havde han faaet et stort brød, og det kom han bærende med paa sit hoved. ”Du vil nok”, sagde moren, ”at alle skal se og spotte over vor fattigdom. Naar du faar noget en anden gang saa skal du gjemme det bedre, du har da lommer.” Næste dag fik Hans en liter sur vin hos en nabo. ”Hvor har du den?” spurte moren. ”Her,” sagde Hans, og vente sine dyvaade lommer; han havde hælet halvparten af vinen i hver lomme. ”Dumrian”,” sagde moren ” en annen gang skal du bede om at faa låne er flaske” Han fik næste gang en kage som var lit brent i kanten, men ellers meget god. Bondekonen som havde bakt den, vilde ikke sætte den frem for gjester. Hans smulte den op i smaa bitter og lånte en flaske af bondekonen til at ha smulerne i, men smulerne fylte formeget saa han stappet den tættere og tættere og tilsist sprak den. ”Du er altfor dum,” sagde moren. ”Tak din ransel paa veggen og put det du faar i den.” Hans fik en litten gjed forærede, men da han vilde putte den i ranselen, viste det sig at den slet ikke kunde komme nedi den, og mens han stod og tengte paa hvorledes han skulde faa den i randselen, tok gjeden flugten og Hans kom hjem med tomme hender. ”Kunde du ikke have baaret den, eller trukket den efter dig, saaledes som man gjør med en kalv?” sagde moren. ”Husk paa det til en anden gang, med gjeden hadde det kanskje ikke gaaet.” Den anden gang som Hans altsaa skulde huske, blev det et stykke smør, fast, men lit stramt i smagen. Da bandt Hans et reb om og trak det efter sig. Og da han kom hjem, havde han bare rebet, solen havde smeltet smøret underveis.
Moren var aldeles forvtilet. ”Hvad skulde jeg da have gjort med det?” spurte Hans. ”Naturligvis pakke det ind i et stykke papir og puttet det ned i din ransel.” Næste dag fik han 6 æg. Han pakket dem alle samen i et stykke papir og puttet dem sammen med andre ting nedi randselen. Da han kom hjem, var de knuset alle sammen, og de fik ikke engang æggepandekage af dem. ”Bare jeg kunde faa dig vel gift og ud av huset,” sagde moren, ”stor og gammel nok til det er du jo.” Det hadde ikke Hans noget imod. ”Når kan jeg gifte mig?” spurte han. Moren lo. ”Først maa du blive lit klogere,” sagde hun, ”saaledes som du er nu tager ingen dig.”
Saa gik Hans til byen med en kurv druer, og kom merkeligt nok hjem med penge, og uden at have knust en eneste drue. ”Det var klogt gjort,” sagde moren. ”Saa gifter jeg mig,” sa Hans, ”Versaagod!” ”Men hvem skal jeg gifte mig med?” ”Gaa udenfor porten og se dig om til alle sider, kanskje du faar se en som vil tage dig.”
Hans gik udenfor og tittede til alle kanter. Der kom en Cigeunerske gående. ”Vil du ha mig?” spurte Hans. ”Ja, da!” sagde Cigeunersken. Saa gik Hans med hende, og i landsbyen saa man ham aldrig mer. Om han vedblev at være ”klog”, er der ingen som ved.
Det folnar
Fagraste blomen som blømer um vaar og blidleg i vaarsoli angar,
venaste rosen som smilande staar og nikkar paa solljose vangar,
og lauvet som blakrar so lint uppan grein, og graset som gror millom tuvor og stein,
mot hausten alt bleiknar og gulnar – sjølv venaste rosen folnar.
Der leikar ein ungdom so frisk og so glad og blode af livsmote brenner.
So kaat paa sin livsveg han leikar afstad og møde og sut han ei kjenner.
Men det kjem ein dag daa all leiken er slut, for gleda i livet ho varer so stutt,
mot livshausten nykkjene kroknar, og livet det bleiknar og sloknar.
Eg sat uti skogen ein vaarkveld so fin, daa so fager ein song eg fek høira,
dei duvande tonar hugger mit sinn der dei svøimande naadde mit øira.
Men paa sisten so døide dei tonarne burt, det vart inni skogen so audt og so turt –
Daa til slut han seg vende min fagna; kvi skulde dei tonarne tagna?
Soleis det so tit meg paa livsvægjen gjenge, naar eg ser korleis venleiken folnar,
Naar sprækaste guten som blomen i eng, mot livskvelden bleiknar og folnar:
Kva er dette livet som varer so kort, kvi skal alt fagert daa visna so fort?
Eg kjenner meg saar og kan graata, for eg finn ikkje løising paa gaata.
Gunnar Janson
Ungdom
Inne vart det for trongt og for kvalmt. Ut i frisk luft, under høg himmel, i reint maaneskjin!
Aaleine med sin fagre draum! Draumen vom vektest der inne i dansarringen, berre av eit solvarmt augnekast. Draumen som sende varme gledesstraumar gjenom alle aadrar, som skalv
i sæle ilingar gjennom hovudet. Ut og løina si store lukka! Elles kunde andre augo sjaa den sæle smilen kring munnen, lukkeglimen i augo hans. Han kjende han kunde kje styra seg inne.
Berre vera aaleine! Huff! Ein kalgufs slo i møte der han kom varm og anpusten ut. Best aa kneppa frakken godt att og so luva ned yver øiro, og kragen upp, slig. So up gjennom skogen denne vegen her. – Det baara i honom enno. Det hadde kome so braadt paa honom. Som solblenk gjennom graatung sjy. Han hadde halde ein liten tale paa denne ungdomsfesten her i ungdomshuset. Hadde tala seg varm um ”ungdom og livsmod”. Hadde sagt at einaste lukka var aa arbeida, arbeida fram mot sit livsmaal! Han, den 24-aars ungguten hadde tala gamalklogt um at ”Kjærleik var berre ein romantisk talemaate. Ungdomsdraumar og elskhug var berre sjyflakar som la seg for syne, so me ikkje lenger saag det verkelege livsmaalet vaart so klaart,” hadde han sagt.
Og sao – so hadde han vorte sitjande attmed henne – henne som han ikkje hadde set paa ein 3-4 aar. Det var henne han hadde fylgt til støls den gongen han kom att fraa jordbrugsskulen.
Det var henne han daa hadde bore yver stølsaa-a. Daa var ho berre ein 14-15 aar, ein frisk aa glad gjentunge. Og no, vaksen og fager som eit under. – Nei, han torde `kje tenkja meir paa henne no. Kunde han `kje verta rolegare, so torde han ikkje gaa inn att til dei andre. Altso, ikkje tenkja paa henne, – berre slaa tankarne burt. –
Nei. sjaa skogen der borte! Kor han var væn! Med kvite snøkopor yver høge akslar, med kvite lin yver runde barmar, med kvite slør yver dulde andlet. Reint og skirt som ein her af gibsfigurar, men høge og storlagde med rake sular innimellom! Skapt af kunstnarhand!
Med himmelsk adelskap i kvar høgreist fot, med kjyrkjefred i kvar mjuk line! Det var som ein laut halda pusten og venta paa stille orgeltonar der inne fraa djupni av stilla. Men alt var so stilt, underleg stilt. – Ingen torde vekkja desse høge akslar og runde barmar som sov der under snøkvite lin. Her og der saag ein alti knokute nevar og senesterke legjer under snølaknet. Og ein og annan stad gapte det fram store myrke hol, trolsvarte og løindomsfulle. Hysj! Inne der laag kansje skogkongen sjølv og sov, og ei ung kongsdotter som kjemde hans lange haar – eller kva kunde det løina seg atum desse myrkje hol”
Han mintest eit eventyrnamn fraa barndomen: Soria Moria slaat, kansje! Ja, kvifor skulde det ikkje vera noko sligt inne der? Eit slot som kvarv um dagen, men laag og glitra i maanesjinet natta lang! Med maanesjinsglitter i gullportar og sylvkuplar og med diamantrim yver rake spir. Og fagre møier i ljose hallar! Ja kvifor ikkje? Og ei silkefager prinsessa som la mild dåm yver alt. – som tok hovudet hans upi fanget sit og spann kærleik kring honom. Han tykte han kjende anden henner mot kjinni. Han saag uppi dei djupblaa augo og kviskra: Astrid – Astrid –
Uff nei! No hadde tanken paa henne tekje han att. Nei! Berre tenkja paa noko anna. – Ja, eventyr, ja! Og draumar! Han kunde hata desse turre realistane som berre drog ein svivyrdsleg smil til alt slikt. Um ein av dei saag paa skogen som han laag der, i glitrande maaneskin, i eventyrleg kvitt, i løindomsfull reinleik, med dei dragande myrkje trollaugo innimellom. Han kunde vera viss um de saag `kje det plukk af det. Den skogen der ”representerer so og so mange tylter, tolv alnar, sju tonn”. Det var det dei saag. Ak blaas! Dette skogrike her, det var noko meir enn eit hundre tylvter — Det maatte vera noko meir. Det laut vera noko eventyr inne med desse sulerekjerne, innmed kvite taarn og spir.
Kanskje sjæler, ei eller fleire. Skogsjæli. Kansje tonar med saar lengt, med still gleda, orgeltonar djupe, kanskje. Ja, noko laut det vera, noko fagert eller noko skræmelegt. Eller bannskap! – – Puh! Desse toskane som gapar aat all romantikk. Kva vert verdi utan romatikk og idealisme – og kjærleik? Ei øidemark. – Kva vert livet utan ljose vonar og varme minne? Berre haustgraatt og aude. Hev me bygt eit solfagert slott av ljose voner og vaarlette draumar, so lat os ha det i fred. Lat oss ikkje riva det sundt i kald tvil og mistru, Lat oss ikkje bruka denne turslipte fornuftsprettarkniven i tide og utide. Paa kvar ungdomsfrisk tanke, paa kvar ungdomsljos eventyrdraum. Eit liv utan eventyr, og digt, og draum, og tru? Kva vert det? – Ein iskjellar, Nei, ”Lat oss drøima og lat oss tru, og bygja med tankar i bivrande bru til den heilage, høge framtid” – – –
Uff der kom det nokon nedanfraa. Ein fekk daa ikkje vera i fred med tankarne sine nokon stad. Skulde han smetta tilsides? Nei, det var so ”gutablygt”. Berre ganga veint imot og koma snøgt framum. Det var sanneleg eit kvinfolk som kom der. Ei gjenta. Det tok til aa hamra i bringa. Men pytt, han brydde seg daa ikkje um anten det var ei eller hi, han skulde ikkje eingong sjaa etter henne det slag. Nett der sjin maanen fram mellom to lubne granar og legg ei sylvstrima yver vegen. Han stig tilsides ut i snøen, so ho skulde faa sleppa framum,- og so laut han glytta upp med det same – Gud! Det var ho! Ho stansa òg med eitt. ”Nei, er det du”? ”Ja, eg driv ute og drøimer i maanesjin”. ”Og du og”? ”AA ja, Det var so varmt inne, eg laut ut i friskluft,” totte eg. Lit etter: ”Det er so fint ver og, so –” ”Ja, det er fint ver”. Han tagde. Berre stod aa spente skosnyta inn i snøkanten. Skulde han gaa vidare? Eller skulde han vaaga seg til aa slaa fylgje? Ho tok nokre stutte stig attlenges, uppetter. ”Skal du langt?” ”Aa, til støls trur eg,” lo ho. Han livna upp med eitt. ”Du slep ikkje yver stølsaa-a”. Pytt, eg vada yver.” ”Nei, daa er det vist likare eg fylgjer og ber deg yver, som eg gjorde for 4 aar sian”. ”Trur du det?” Ho lo mot han.
Det drog ei still susing gjennom skogen og kviskra varligt um nyvekte voner og um ung lukka. —-
No er det tid
Hausten er komen. Og lagi tek rett no til med møti sine att. Det gjeld daa aa gaa paa med friskt mod, so ein kann koma inn i takten alt ifraa fyrst av. Takten den er meir end halve magten, sa Bjørnson. Og der er mykje sant i det, ei sanning som me trur dei frilynde hev hugsa alt forlite paa. For me vantar noko av det trauste samhelde som maa til, um me skal magta dei store tak. Og det er dei store taki ungdomen skal magta.
Her hev me maalsaki. Danemaalet et seg djupare og djupare inn i folke-sjæli. Den norske staten, prestane, lærarane, diktarane, bladmennene hjelper til med det, og skjemmest ikkje eingong av sitt ufine yrkje. Her maa difor ungdomen setja ryggen imot, han maa venda denne straumen so han renn utetter og ikkje innetter. Det vert eit tungt tak. Men det maa til.
Her hev med landeverja. Ho er kje paa lang veg so sterk som ho burde vera. Det er faarlege tider. Gud veit korleis det kjem til aa ganga oss. Ikkje sandt, me elskar heimen og fedralandet so sterkt at me vil setja alt inn for det. Men daa maa me vera budde fyreaat, utan er det heile til faanyttes. Og det vil den nasjonale ungdomen stræva etter aa verta so godt som raad er.
Her hev me avhaldssaki. Kor mange er det kje endaa, ogso millom dei frilynde, som døyver hugen med alkohol? Aandslivet set me høgt. Men der er ingen ting som tyner det slik som alkohol. Der er ingen ting som soleis med eitt kan vaske burt ungdomshugmaal og ungdomsideal. Difor burt med den sterke drykken. Frilynd ungdom skulde letta uppunder og ta eit krafttak her.
Her hev med bondesaki. Storindustrien veltar seg innyver oss. Han reiser ikkje berre med naturrikdomarne vaare, men ogso med ungdomen. Det er rett no eit brennande spursmaal: Korleis skal me faa ungdomen til aa roa seg i bygdene? Det er etter vaar meining eit av dei største spursmaali i vaar samti. Dette gjeld ungdomen sjølv. Og sjølv ma han ta det upp til aalvarleg dryfting. Men fram um alt, me maa ikkje gløyma vaar eigi utvikling. Paa møti vaare maa aandslivet faa nøring, hugkveikjast, syn klaarast, vilje knytast.
Ved song, lesnad, ordskifte, foredrag maa me leggja vinn paa dette, so dei indre kreftene kan verta sterke. For det er dei det spyrst etter naar me skal fremja sakerne vaare.
FRAM
Det handskrevne bla til ungdomslaget ”Heimhug”, som nu er inmeldt i ”Hordalands ungdomslag”
Hausttankar
Gule blad og visne blomar ser eg kring meg kvar eg fer.
Hausten syng med sterke tonar: Det er eg som raader her.
Og eg minnest sumardagen, grøndt kvart blad og frisk kvar blom.
Daa dei stod i beste bragen, men dei stakars vesle fjom
tolde ikkje kalde næter, storm og myrker, frostkald jord;
for den klaare haustblaa æter gav so alt for lite sol.
Difor maatte bladi gulna, difor maatte blomen døy.
og eg tenkjer slik er livet, folnar, visnar burt som høy.
Men so kjem eg og til tenkja, blom gav fræ, og tre bar frukt;
og eg fær ei von som blenkjer: liv kjem att, um det fell burt.
Fræ av blom og fræ av frukter, fell i jordi, røter seg;
og um vaar – paa gamle tufter, ser me liv som vænt seg ter.
Saart eg jenner verk i barmen, kjenner kor det tærer, svid.
Taara brenn und`aunekvarmen, segjer: det er livet dit som lid.
Fram imot den myrke haustnat daa det visnar burt som blom,
som du ligg der kald aa baara. Du er òg eit vesalt fjom.
Vinden ruskar, slit i trei, bladi rislar, og det rys
igjenom meg, eg skjelv i knei. Jaumen trur eg beint eg frys.
Stilt, men fast eg nester hender og eg bed so varm ei bøn:
Herre Gud, som heimen styrer, gjev du meg den naadeløn.
J.N.