Har du forslag til kven som bør kårast til årets sambygding på 5915? Send ditt forslag til styret i Bygdelaget. Statuttane for tildelinga av denne prisen finn du nedanfor. Forslag med kort grunngjeving kan sendast på epost til bygdelaget, post@5915.no innan 22. april. I fjor gjekk prisen til UL Heimhug. No håpar me at me får … Fortsett Kven blir årets sambygding? Kom med forslag innan 22. april!
Kategori: Nyheiter
Revygjengen fekk mållagsprisen!
– Revygjengen greier å få fram dei fine nyansane i dialekta, og brukar den krafta som ligg i god dialektbruk, heiter det i grunngjevinga for tildelinga av årets målpris, som gjekk til Hjelmåsrevyen. – På mange revyscener landet rundt har ein opplevd at dialektar vert gjort litt til lått, trakka på brukt til å trykkja … Fortsett Revygjengen fekk mållagsprisen!
Arabisk og norsk tradisjon på matfestivalen 2023
Nok ein gong samla i overkant av 40 bygdefolk seg rundt borda i ulike heimar på Hjelmås, og tok del i den årlege vandrande matfestivalen. Nokre gjengangarar sikrar seg plass kvart år, medan nye kjem til. Dette var fjerde gongen festivalen vart arrangert, og det mest uvanlege på menyen denne gong var ein tradisjonell arabisk … Fortsett Arabisk og norsk tradisjon på matfestivalen 2023
Påmelding til matfestivalen 4. november!
Vandrande matfestival og vennefest for gammal og ung, innfødde, innflytta, utflytta og alle som er glade i Hjelmåsbygda! Klikk her for påmelding Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå hus til hus for en … Fortsett Påmelding til matfestivalen 4. november!
Hjelmås Handelslag vil utgreia døgnopen butikk
Døgnopen butikk blir vurdert som framtidig tiltak for å redda Handelslaget. Dei 13 frammøtte på årsmøtet til Hjelmås Handelslag fekk ei god orientering om korleis året 2022 hadde vore for butikken på kaien på Hjelmås.Året har vore vanskeleg, med høge driftsutgifter slik som auka straumrekning og redusert omsetting. Dette førte til eit underskot på om … Fortsett Hjelmås Handelslag vil utgreia døgnopen butikk