Fleire innbyggjarar med adresse 5915 HJELMÅS har tatt kontakt med Bygdelaget5915 fordi dei har høyrt at vegen til Hopsdal skal asfalterast. Her kan de lese brevet frå bygdelaget til kommunen, samt kommunens svar.
Kategori: Nyheiter
Bli med på årets vandrande matfestival!
Her ser du korleis me hadde det ein annan gong det var matfestival. No har du sjansen til å vera med på årets storhending, den 25. oktober! Påmelding seinast 15. okt. her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScsfYxu64KykQGBKh2HnIdo_HPSD4Vjuzqrhy-Qr9xBNrUzLg/viewform?usp=sharing&ouid=102461425281460189805 Arabisk og norsk tradisjon på matfestivalen Nok ein gong samla i overkant av 40 bygdefolk seg rundt borda i ulike heimar på … Fortsett Bli med på årets vandrande matfestival!
Kom og nyt seinsumaren på kaien ♡
Den 23.august kl 12:00 til 15:00 har me gleda av å invitera til seinsumardag på kaien. Her vert det kjekke aktivitetar og me veit heilt sikkert at piratane kjem, også i år. Dei har skattekista med seg, og er klare for å laga god stemning for små og store 🏴☠️ Har du idear og vil … Fortsett Kom og nyt seinsumaren på kaien ♡
🎉Årets sambygding 2025🎉
Prisen «Årets Sambygding» skal heidra gode krefter som gjennom året eller over tid har stått fram som positive eksempel i bygda vår. Prisen kan delast ut til personar, lag eller grupper der ueigennyttig og frivillig innsats for bygda, fellesskapet og veike grupper skal vektleggjast. Vidare skal positiv omtale, profilering av bygda og innsats over tid … Fortsett 🎉Årets sambygding 2025🎉
Gladihaugpokalen 2024
Er det ein haug me er glad i så er det Gladihaug! Utdeling av Gladihaug-pokalen har vore eit populært og motiverande tiltak for folkehelsa i ein mannsalder. Det er Jon Arne Hopsdal som held greie på bøkene og legg ut nye når det trengs, og frå 2022 er det Jesper Munch som tel opp og lagar … Fortsett Gladihaugpokalen 2024