Årsmøtet blei kjend med Betel 2.0

Årsmøtet i Bygdelaget 5915 fann stad i gamle Betel Leknes, no med namnet Betel 2.0. Etter årsmøtet var det pizza til dei frammøtte, og Ove I.B. Danielsen gledde forsamlinga med ein flott konsert.

Bygdelaget har hatt som mål å ha møte i alle forsamlingshus i området 5915 Hjelmås, og denne gongen var det Betel som stod for tur. I fire år har ungdomane arbeidd saman med vaksne for å få realisert ein stad å samlast. Etter utallige dugnader har dei no fått ein flott møteplass. Nøkkelboksen finn du på trappa, og så lenge du ryddar, sløkker lyset og låser, er du hjarteleg velkommen.

Oliver Gjelsvik og Eskil Grøttveit – er to av ungdomane som har brukt og brukar mykje tid i dette nye ungdomshuset. Dei fortalte om aktivitetane i huset: Her er det LAN, filmkveldar, juleverkstad, konsertar og spelkveldar. Dei har også eit tilbod til 5. klasse, rett etter skuletid. Kva med ei FIFA-turnering med mellom ungdomen og deira foreldre/besteforeldre? Her er det ope for kreativitet og handlekraft.

Ungdomane presenterte arbeidet dei hadde vore med på, og snakka varmt om miljøet og kor kjekt dei har det. Innsatsen har vore heilt enorm og over tid, ungdomane sjølv har gjort ein solid dugnadsinnsats – godt koordinert av Helge Gjelsvik med fleire. Huset vart kjøpt frå pinserørsla for 200 000 kroner, og til no er det brukt kr 30 000 kroner til rehabilitering. Ulike verksemder har gitt gåver, og ei kronerulling gav 50 000 kroner til eit teneleg kjøkken i kjellaren.

Bygdelaget 5915 hadde gleda av å overrekkja ein robotstøvsugar – noko ungdomen ønskte seg – som takk for innsatsen for å skapa ein god møteplass for både unge og andre.

Informasjonen til og frå ungdomar finn du på Instagram: Betel_Leknes. Dugnadsøkter vert annonsert på ei eigne facebook-sider.

Etter årsmøtet for 2026 ser styret i Bygdelaget 5915 slik ut: Inger Helen Midtgård (leiar), Matias Midtgård Haaland, Osvald Fyllingen, Halvard Aasgard (ny), Wenche M. Grønnevik. Varamedlemmer er Frode Grøttveit og Andreas Dyngen

Ove Danielsen song og spelte for årsmøtet
Eskil og Oliver frå ungdomskomiteen fekk robotstøvsugar som gåve frå Bygdelaget 5915 v/ leiar Inger Helen Midtgård

Oppdag mer fra Bygdelaget 5915

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.