Bygdelaget er i god dialog med Alver kommune om å finna ei løysing for fjerning av gummidekka som forureinar fjordbunnen ved Hjelmås kai.
Leiinga i kommunen er klare på at dei ønskjer å få dekka bort. Kostnadsestimatet er på 13 millionar kroner, og kommunen har satt av 5 millioner til tiltaket. Vilkåra for at arbeidet kan settast i gang er at dei resterande 8 millionar kjem frå andre relevante støtteordningar. Dette kom fram i eit møte mellom kommunen og representantar frå Bygdelaget 5915.
Arbeidet med å søka midlar for å dekka dei naudsynte kostnadane er i gang, og ordførar Sara Sekkingstad formidla til bygdelaget at ho forventar at ei løysing for finansiering skal vera på plass om eitt år frå no.
Dekka må takast opp på ein skånsam måte for å hindra skader på marin biologi. Den tekniske løysinga for dette må utgreiast av konsulentar med spisskompetanse på fagområdet.
Bygdelaget set pris på at kommunen tek denne vanskelege situasjonen alvorleg, og informerer meir straks det er noko nytt i saka.
Oppdag mer fra Bygdelaget 5915
Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.