Oppdatering i saka om Eide Fjordbruk
Bygdelaget 5915 har no sendt inn ein formell klage på at Eide Fjordbruk har fått lov til å utvide og etablere ein ny lokalitet.
Dette har skjedd:
- 2024: Bygdelaget sende inn sine merknader då saka først var på høyring.
- Februar 2026: Vestland fylkeskommune valde likevel å seie ja til søknaden frå Eide Fjordbruk.
- No: Bygdelaget klagar på dette vedtaket. Les heile klaga her.
Eit felles løft for bygda Både det førre høyringssvaret og denne klaga er eit resultat av ein god bygdeprosess. Mange engasjerte folk i bygda har vore med på å forme innhaldet, og me står saman i denne saka.
Kva skjer vidare? Me ventar no i spenning på svar og vonar at klagen vår vert teken til følgje. Dersom fylkeskommunen ikkje endrar vedtaket sitt, vil saka gå vidare til Fiskeridirektoratet for endeleg avgjerd.