Gladihaugpokalen er ein flott tradisjon og har vore delt ut i meir enn 50 år. No er statuttane endra, slik at den kan vinnast fleire gongar.
Tidlegare har reglane vore slik at du berre kan vinna Gladihaugpokalen ein gong i livet. Det har hittil medført at den personen som på 17. mai får overrekt pokalen, ikkje alltid er den som har gått flest gongar. På årsmøtet i Bygdelaget i 2025 var det vedteke ei endring: Med verknad frå år 2026 får den som vinn pokalen høve til å vinna den att etter fem år.
For Bygdelaget 5915,
Inger Helen Midtgård