Navnet Leiknes – språkleg kveld i Sandbergsalen

Nær førti menneske samla seg i Sandbergsalen under nynorskdagane i Alver, for å få svar på spørsmålet: Namnet Leknes eller namnet Leiknes? 

På stadnamnskiltet står det Leknes, medan elevane går på Leiknes skule og dei minste i Leiknes barnehage. Nokon har etternamnet Leknes medan andre skriv seg Leiknes. Postadressa før då posten heldt til på kaien var 5165 Leiknestangen, medan folk no bur i Leknesvegen. Kva skuldast desse to ulike skrivemåtane? Kunne me få nokre gode svar denne kvelden?

Professor emeritus i nordisk, Johan Myking, tok oss attende til norrøn tid for å forklara og for å visa oss korleis dette hang i hop. Myking gjorde klart at han ikkje representerte nokre statlege formelle styresmakter eller faginstansar – men tok oss gjennom ei spennande reise i norsk stadnamnsutvikling, lovverk på området, systematisk innhenta dokumentasjon på historia bak begge namna, i tillegg til det manglande fullførte stadnamnsarbeidet som kunne forklara dei to skrivemåtane.

Han slo fast at begge skrivemåtane har ein tradisjon. Kva gjeld namnet Leknes (uttalt som Lekknes) har det lydhistorisk, lengst tradisjon, meir enn 500 år. Medan Leikne, språkpolitisk, har rundt 100 år lang tradisjon, også forklart i fornorsking av tidlegare danske stadnamn som t.d. tidlegare Hamre (kommune) som før dette heitte Hammer. Så vinn då namnet Leknes? Nei, for ifølgje stadnamnlova er ikkje lengda på tradisjonen av avgjerande vekt, sjølv om begge formene er i reell bruk. Her er hundre år er lang nok tid. 

Men kan det vere slik at kommunen alt har valt skrivemåte når dei i 2010 vedtok Leknesvegen som adresse for oss som bur her? Ja, det kan tolkast slik. 

Kva kan vera ei tenleg løysing? Myking presenterte tre alternativ. Det enkle, det vanskelege og det mest freistande: La det skura.

Den enkle er at kommunen endrar namn på skulen til Leknes, og Kartverket ryddar vekk nokre inkonsekvensar. Då vil ingen andre styresmakter kritisera, sidan tradisjonen og uttalen lokalt er sikker og 100 % dokumentert. Alternativ to er det vanskelege. Då krev kommunen eller Bygdelaget 5915 formell namnesak. Erfaringane i slike saker er årelange utgreiingar, eit stort konfliktpotensial, sjau og spetakkel. Ofte ender det i eit upopulært resultat. Det tredje, og kan henda mest freistande alternativet, er å la det skura… slik som no.

Etter Johan Myking var det Svein Børtveit sin tur. Han har, slik Ivar Aasen gjorde, starta i det heimslege, og samla inn ord og uttrykk heimanfrå, og gjeve ut arbeidet i ei eiga bok om striladialekt frå Leiknes. Denne kvelden presenterte han frå det omfattande arbeidet sitt. I byrjinga var dokumentasjonen han gjorde berre tenkt som ei gåve til eigne etterkomarar – slik at han kunne la barn og barnebarn få oppleva og ta del i, som han så nydeleg sa: «Det språket som kling inni meg, det er som musikk.» Så kom samlinga ut i bokform og på mp3 fil. Boka som vart trykt i 300 eksemplar, er no utselt. 

Børtveit las opp stykke frå strilamålet slik det var då han vaks opp – frå 1950-talet på Mundal og i Hillesvåg. Han gav oss også mange og gode døme på språket lokalt: Du hennelse spøkeri i verne, edn henne gong, før i verne, før katten, ga i honnane, ga utom nøve, honn og hane, komma på ei mærraflå og værta idloksa. Dette berre nokon av dei orda og uttrykka som han presenterte frå sitt omfattande og grundige innsamlingsarbeid – kva dei tyder fekk me også vita.

Johan Myking hadde faglege lovord å koma med til det grundige innsamlingsarbeidet til Børtveit og kunne fortelja at arbeidet hans no er å finna i Nasjonalbiblioteket si samling. Strilamålet frå bygda vår har kome inn på det nasjonale språkhotellet – og er tatt vare på for komande generasjonar. Det kan me vere stolte over!

Etter føredraga var det tid for språkleg kvelds og drøs i Steinarstova, og heimover kjende me på gleda av å ha vore ilag – stolte av språket som kling inni oss.