Bli med på årets vandrande matfestival!

Her ser du korleis me hadde det ein annan gong det var matfestival. No har du sjansen til å vera med på årets storhending, den 25. oktober!

Påmelding seinast 15. okt. her:
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScsfYxu64KykQGBKh2HnIdo_HPSD4Vjuzqrhy-Qr9xBNrUzLg/viewform?usp=sharing&ouid=102461425281460189805

Arabisk og norsk tradisjon på matfestivalen

Nok ein gong samla i overkant av 40 bygdefolk seg rundt borda i ulike heimar på Hjelmås, og tok del i den årlege vandrande matfestivalen.

Nokre gjengangarar sikrar seg plass kvart år, medan nye kjem til. Dette var fjerde gongen festivalen vart arrangert, og det mest uvanlege på menyen denne gong var ein tradisjonell arabisk rett, laga og servert av palestinske Ola Zukari og Najd Abdouini. Dei var kveldens kokkar hjå Inger Helen Midtgård og Olav Luggenes. I den andre enden av nasjonslrett-skalaen, var saftig sosekjøtt hjå Anne Rose og Ansgar Midtgård.

Å vandra frå hus til hus i grupper og bli servert forrett, hovudrett og dessert, med god drikke og godt selskap til, er blitt eit kjærkome tilbod på Hjelmås i mørketida. Tradisjonen tru samla dei aller fleste deltakarane og vertane seg til slutt på etterfest hos DJ Monk i Helleåsen, med lått og løye til langt på natt.

Me har fått lov til å bruka nokre av bilda som Journalist Ole Jacob Riise Strønen frå Avisa Nordhordland tok, og presenterer dei her, med takk for denne gong!