Gladihaugpokalen 2024

Er det ein haug me er glad i så er det Gladihaug!

Utdeling av Gladihaug-pokalen har vore eit populært og motiverande tiltak for folkehelsa i ein mannsalder.

Det er Jon Arne Hopsdal som held greie på bøkene og legg ut nye når det trengs, og frå 2022 er det Jesper Munch som tel opp og lagar statistikk, sirleg oppstilt i Excel-ark. Både alfabetisk og etter antall turar. Me er glad for at Jesper tek Gladihaugoppgåva slik på alvor at han no tek utdanning som arkeolog. Han har vist ei framifrå evne til å grava seg ned i turbøkene.

913 personar tok turen til toppen av Gladihaug i 2024 og skreiv seg inn i turboka. 736 av desse hadde fått nok etter ein enkelt tur.

2577 gongar blei namn skrive inn i turboka. Det er litt færre enn i 2023, men litt fleire enn i 2022. 

Cecilie Selvik skreiv namnet sitt i boken heile 263 gonger og blei dermed den, som flest gongar kunne nyte utsikten frå toppen av Gladihaug. 

205 turar tok Vidar Hopsdal til toppen, medan Randi Hopsdal fulgte etter med 180 turar.

Alle disse tre personer har dog fått Gladihaug-pokalen tidligere. 

Bygdelaget vil gjera merksam på at me vedtok ei endring av statuttane for Gladihaugpokalen på årsmøtet i år , før var det slik at du kunne vinna pokalen ein gong i livet, no er statuttane endra den som får pokalen har fem års karantene. Endringa gjeld med verknad frå år 2026.

Av dei meir morosame fakta om Gladihaug kan det nemnast at:

Gladihaug hadde prominente besøkande i 2024. Blant andre Taylor Swift og Erling Braut Haaland. Interessant er det, at desse to var på Gladihaug-toppen same dag og til same tid – 5. mai 2024 kl. 13:33. 

Me har ein interessant person, som har vært på Gladihaug 24 gonger. Han er interessant fordi han nyttar seg av en mellomting mellom runer og speilskrift, når han skriv seg inn i boken. Heldigvis har Jesper Munch de siste 5 år studert arkeologi på Universitetet i Bergen, og er kome fram til, at her er tale om ein person ved namn Nabo Bjarne.

Ein annan, som også brukar runeskrift er EBBDNY på 5 år, som nådde toppen samen med familien Hannisdal Wigdahl i mars månad.

Det skjer også at me får besøk av turgrupper. I april kom den namnekundige 7-manngruppe Kor i hon’ e me no forbi toppen – tilsynelatende utan å vite heilt kor dei var.


Her er topp ti for 2024:

Nr Etternavn Fornavn Poeng År
1SelvikCecilie2632024
2HopsdalVidar2052024
3HopsdalRandi R1802024
4HeglandBeate1532024
5EikremLars Kåre1462024
6HopsdalSteinar1372024
7HopsdalGeir Ove732024
8HaugeOddbjørn642024
9ValleJohn Harald632024

Oppdag mer fra Bygdelaget 5915

Abonner for å få de siste innleggene sendt til din e-post.