
Prisen «Årets Sambygding» skal heidra gode krefter som gjennom året eller over tid har stått fram som positive eksempel i bygda vår. Prisen kan delast ut til personar, lag eller grupper der ueigennyttig og frivillig innsats for bygda, fellesskapet og veike grupper skal vektleggjast. Vidare skal positiv omtale, profilering av bygda og innsats over tid vektleggjast.
I år går årets sambygding for første gong til eit par, eit ektepar. Desse to har saman og kvar for seg gjort ein langvarig og solid innsats. Innsatsen har vore ueigennyttig, til beste for bygda og over lang tid:
✨ Langvarige styreverv og innsats i ungdomslaget og handelslaget
✨ Vaksenkontaktar for ungdomsklubben
✨ Bidragsytarar til bryggjedansar, 100-årsjubileum med sirkustelt og feiring av handelslaget
Deira artige grill-stunt på kaien har skapt fine stunder for folket. Den eine med grillforkle på, den andre med ei bøtta med salat eller ei bøtte med vaffelrøre. Den eine kan hende litt meir stillfarande enn den andre, men samstundes eit godt team som bidreg til glede og trivsel i bygda vår. I mange år dreiv dei trivselslotteriet, eit sommarlotteri der inntekta gjekk til trivelege tiltak rundt butikken vår.
I fjor tok det heilt av:
→ Påhengsmotor som hovudpremie
→ Sponsorar som stod i kø
→ Loddkjøparar frå heile bygda
→ Og eit engasjement som nesten gjekk utover nattesøvnen
Det blei det til no villaste trivselslotteriet du kan tenkja deg.
Alt dette gjorde dei to for butikken, bygdas bankande hjarte, og det unike kaiområdet vårt, som dei begge er så uendeleg glad i.
Det er ei stor ære av å kunngjera at årets sambygding 2025 går til Tove Mette og Yngve Fyllingen for usjølvisk engasjement i særklasse. Datter Irene og barnebarn tok imot prisen på Tove Mette og Yngve sine vegne.
For styret i Bygdelaget 5915
Inger Helen Midtgård