Er det ein haug me er glad i så er det Gladihaug! No ventar me spent på resultata frå 2024, desse blir kunngjort på 17. mai-arrangementet. Sjå lista over pokalvinnarar gjennom tidene.
Gladihaug-pokalen har vore eit populært og motiverande tiltak for folkehelsa i ein mannsalder. I 2023 vart det registrert 2826 turar til Gladihaug, det vil seia 323 fleire turar enn året før. Og det var 888 ulike personar som skreiv namnet sitt i boka. Sist var det Cecile Selvik som gjekk flest turar, men statuttane seier at pokalen kun kan vinnast ein gong. Dermed gjekk pokalen til Lars Kåre Eikrem, med 191 turar.
Det er Jon Arne Hopsdal som held greie på bøkene og legg ut nye når det trengs, og Jesper Munck som tel opp og lagar statistikk.
Gladihaugpokalen vart etablert av Andreas Øvstegård i 1972. Han var gullsmed i Rakkestad. Dottera overtok då han vart pensjonist, og fram til Bygdelaget 5915 overtok i 2011.
Vinnarane sidan etableringa av pokalen har vore:
1972 Olav Nesse 25 turar
1973 Sverre Solberg 50 turar
1974 Erling Solberg 126 turar
1975 Erling Solberg 134 turar
1976 Leiv Villanger 68 turar
1977 Helge Solberg 82 turar
1978 Olav Solberg 350 turar
1979 Tormod Valle 55 turar
1980 Josefine Valle 299 turar
1981 Josefine Valle 365 turar
1982 Sverre Solberg 365 turar
1983 Sverre Solberg 365 turar
1984 Sverre Solberg 366 turar
1985 Sverre Solberg 365 turar
1986 – Pokal ikkje utdelt. Bøkene forsvann. Det vart då bestemt at ein person fekk pokalen kun ein gong, og kun ein tur per dag var teljande som «napp» i pokalen (rekorden med flest turar til Gladihaug på ein dag har Tormod Valle, 14 turar, ein dag i romjula 1978).
1987 Inge Dale 64 turar
1988 Ragnhild Kvamme 142 turar
1989 Geir Ove Hopsdal 107 turar 12 år dette året.
1990 Jon Arne Hopsdal 107 turar
1991 Lars Kvamme 156 turar
1992 Ivar Atle Skaar 162 turar
1993 Terje Thorbjørnsen 300 turar
1994 Tordis Hopsdal 56 turar
1995 Magne Angelskår 71 turar
1996 Randi B. Thorbjørnsen 136 turer
1997 Knut M. Ånensen 122 turar
1998 Einar Solberg 175 turar
1999 Terje Romarheim 297 turar
2000 Sigurd Aasgard 303 turar
2001 Anne Karin Eide 181 turar
2002 Steinar Haukås 152 turar
2003 Jorunn Irene Dale 177 turar
2004 Asle Eikanger 75 turar
2005 Bjørg Dyrdal og Kristin Børtveit Dyrdal 214 turar
2006 Olav M. Fyllingsnes 222 turar
2007 Svein Åge Fyllingen 290 turar
2008 Torleif Mundal 250 turar
2009 Grethe og Roald Grøttveit 219 turar
2010 Arnhild Haugland Tvete 139 turar
2011 Lars Ola Tvete 143 turar
2012 Astrid Landro 88 turar
2013 Jogeir Romarheim 226 turar
2014 Kristoffer Mellingen 361 turar
2015 Inge Seljelid 172 turar
2016 Svein Hopsdal 366 turar
2017 Cecilie Selvik 335 turar
2018 Markus Hopsdal, Tomas Fjellstad og Britt Hege Fjellstad 365 turar
2019 Vidar Hopsdal 274 turar
2020 Randi R. Hopsdal 188 turar
2021 Anders Vikingsen Weimer, 218 turar. Den aller yngste pokalvinnaren, fylte 10 år dette året.
Johannes Vikingsen Weimer, 218 turar. Fylte 13 år dette året.
2022 Catrine Sagstad 246 turar.
2023 Lars Kåre Eikrem 191 turar
KLIKK PÅ BILETA FOR FULL STORLEIK:


