Handelslaget blir digitalt, og du kan bli medeigar!

Digital og døgnopen: Dette er framtida for butikken. No må me satsa! Du som innbyggjar eller bedrift kan kjøpa ein aksje for kr 3500 kroner.

No har du sjansen til å bli medeigar i butikken, og til å vera med på å forma framtida for lokalbutikken vår. Fristen for å melda si interesse for å kjøpa aksjar er sett til 15. oktober.

Du får påvirka
Den såkalla aksjeemisjonen vart beslutta på ei ekstraordinær generalforsamling nyleg. Etter 15. oktober vil det bli ei ny generalforsamling med dei nye aksjeeigarane på plass, der det skal takast stilling til vidare planar for å utvikla Hjelmås handelslag L/L som digital butikk.
Har du spørsmål, eller vil melda seg som aksjekjøpar, ta ein tur innom butikken og snakk med dagleg leiar Ørjan Namdal.

Erfaringar frå Modalen
Handelsmannen i Modalen var til stades på eit framtidsmøte for butikken, og fortalte om sine erfaringar. Han snakka varmt om auka omsetting og nøgde kundar. Det same gjorde representantar frå Coop som har 25 butikkar som har investert i digital butikkløysing. Med digital butikk kan du handla frå kl. 6 om morgonen og til midnatt.
Styret i Handelslaget og ein ivrig handelsmann orienterte om planane for butikken.
Opningstidene der tilsette er fysisk til stades blir litt redusert, men du som kunde vil få ei meir fleksibel opningstid og kan handla når det passar deg. Og butikken får sårt tiltrengt omsetnad og reduserte utgifter.

Nye aksjar tilgjengelege for kjøp
For å finansiera kostnadane med digital butikk blir det no lyst ut minst 300 nye aksjar i Hjelmås handelslag L/L som du som innbyggjar eller bedrift kan kjøpa for 3500 kroner per stk. På den ekstraordinære generalforsamlinga fortalde advokat Ole Kristian Nag om reglane for aksjeutviding og dei formelle krava.

Folkemøte og framtidsvyer
Sidan vart det halde to folkemøte i ungdomshuset, slik at alle bygdefolk, hyttefolk og andre Hjelmås-patriotar kunne bli orientert om planane og kunne ta stilling til om dei vil kjøpa ein eller fleire lutar i Hjelmås handelslag L/L. Mellom 20 og 30 menneske møtte kvar av desse dagane for å få informasjon og stilla spørsmål om framtida til butikken.
Handelsmann Ørjan Namdal informerte då om planane, og styremedlemene om kva butikken betyr som møteplass og felleskapsbyggjar og kva ein aksjeemisjon er for noko. Onsdag var også Kariann Ekren til stades og fortalte engasjert om erfaringane får nærbutikken på Kvingo i Masfjorden. Styret og dagleg leiar var samstemte — dette er framtida for butikken. No må me satsa!