– Revygjengen greier å få fram dei fine nyansane i dialekta, og brukar den krafta som ligg i god dialektbruk, heiter det i grunngjevinga for tildelinga av årets målpris, som gjekk til Hjelmåsrevyen.
– På mange revyscener landet rundt har ein opplevd at dialektar vert gjort litt til lått, trakka på brukt til å trykkja ned folk og grupper. Med årets vinnar av målprisen er det motsett, dei gjer oss stolte over dialekta vår, og stolte over norske målføre i det heile, sa Oddbjørn Rosnes og Hege Brekke då dei overrekte Hjelmåsrevyen årets målpris. Det skriv avisa Nordhordland.
Prisen er tradisjonen tru eit flott diplom laga av Håvard Giezendanner. Ein gjeng frå Hjelmåsrevyen kvitterte med eit sceneinnslag, som var ein festleg hyllest til nynorsken, dialektene og Ivar Aasen.
Dei spelar, skriv og syng på dialekt og nynorsk, og dei ser det som heilt sjølvsagt at dei brukar «målet».
Det er over 30 år sidan Hjelmåsrevyen såg dagens lys. Når stormane set inn, vegane er glatte av vått lauv og eit tynt islag, og mørket seinkar seg, ja då byrjar det å pipla fram gode krefter og gode idear frå eldsjelene i Hjelmåsrevyen. Mange timar med kreativt dugnadsarbeid har utløyst mange latterbrøl i ungdomshuset Ljosheim og skapt godt samhald i bygda, fortset avisa Nordhordland i deira omtale av revyen til UL Heimhug på Hjelmås.

Revyen kvitterte med ein song til nynorskens pris. Foto: Arthur Kleiveland, NH