Lokale ord og uttrykk

pirn

tynn, ha lite matlyst

Pirn. Lang i-lyd. ”Ho va so pirn på mat.”= Ho åt så lite, hadde så lite matlyst.


piskri

knirkelydar etc

Piskri. Knirkelydar eller andre «uforklarlege» lydar i huset, stundom kalla for «den beinlause». Når det knakar i huset, vinden lagar lydar, etc. så er det piskri. Det er nok truleg uttrykk for ei eller annan ånd eller vette som er på ferde. Altså gammal overtru. Om det kan ha noko med ulike forsterkningsord/ banning, veit eg ikkje sikkert, men det kan jo tenkjast. Piskede/ piskade, piskadausen, piskadø, piskantull m.fl. kan kanskje ha slik bakgrunn.


pitla

plukke

Pitla. Me ”pitla pote på åkern” og ”pitla beræ i hajen”. «Har været og pitla pote hos dei H i heile dag.» (HL 17.09.1931)


pitla seg

skynde seg

Pitla seg. ”No é da på ti’ at du pitla deg heim att!” = No er det på tide at du skynder deg heim att.


pjåka

stappe, stue

Pjåka. «Nei, no kadn eg ikkje pjåka meir neri dedne kassn.»

Der er også eit avleidd adjektiv: pjåkane, – stappande, stuande. «Da va so pjåkane fullt på bussn, at eg fækk mæsta ikkje pusta! Å plass te å sitja, va no ‘kje te å tenkja på.»


plagelæ

til plage og ulempe

Plagelæ. Med trykk på første staving. «Da é so plagelæ at dedna datamasjinå rætta oræ utn at eg be ‘ne om da.»


plikt

«tvangsarbeid»

Plikt, f. Særleg i tiåra før siste verdskrigen var det lagt pliktarbeid på gardane. Ofte gjaldt det å byggje veg eller kaiar. Dei skulle då arbeide to, tre eller fleire veker utan løn for det, for å få veg fram i bygdene. Du kan seie det var som ein slags «skatt» til fellesskapet.
«Nei, han Ola kadn ikkje kobma dedna vekå. Han é på plikt.»


pludder

babbel, spebarns-snakk

Pludder, n. Slik små barn snakkar frå dei er fødde og fram til 2-årsalderen. Vi kaller det ofte barnepludder. Det tilhøyrande verbet er å pludra.
«Han é so snill, dadne onjen! Han ligg no bere dar å pludra i vøggå si.»


plønner

plunder, bal, strev

Plønnr, n. Uttalast med denne mellomlyden mellom ø og u. Nokre gonger kan han høyrast mest ut som u, og andre gonger meir som ø.

Da é no ’kje ant enn plønner å bal!” ”Nei, dætta va et plønner!
Det tilsvarande verbet er å pløndra, der d-en er svært svakt uttala. Altså nesten plønnra. Det betyr då å bale eller streve. ”Ka é da du pløndra me’?”


plå

pleier, brukar å

Plå. Etter ordlista heiter det på nynorsk pla, plar. I vår dialekt: plå. Det vi brukar å gjere eller gjer til vanleg. . ”Me gjer slek so me plå.
Eg plå å vera fel å bada.” (OG 15.08.10)  «Dei plå no da.» (AH 03.04.12)


ponna me

bale med, streve med

Ponna me’. Arbeide, streve eller bale med. «Ka é da du ponna me’?» (JH 2013)


prekevera

ta hand om, bearbeide, fordøye

Prekevera. To plomme-eksempel: ”Her é meir plomme ænn me klara å prekevera. Dei kjem te å kobma vækk før øss.
No ha eg ete so mykkje plomme so eg kan prekevera.


prylert

ungdom

Prylert, m. Gjerne ein litt storvaksen ungdom som er ferdig prylt! Om han faktisk har fått pryl, er vel meir usikkert, men han er ferdig oppseda, og bør etter kvart klare seg sjølv.


pur

rein, skir

Pur. Dette ordet står i ordlista. Men det er kanskje litt mindre i bruk i dag? Ei jente kan t.d. ikkje gå ut med gutane fordi: ”Ho é då pure jentongjen.
Eit anna døme: ”Datta é pura løngnæ!” Same tydinga som ”sjer – sjera”.


pussa

påvirka av alkohol

Pussa. Svakt påverka av alkohol. Ikkje full eller drukken, men altså berre litt pussa.


putl

noko som er smått og går seint

Putl, n Tilhøyrande verb er å putla, og adverbet er putle. Det gjeld altså noko smått som går seint. ”Dætta é et putl!” =  ”Dætta é putle!” = Dette går seint.  Og når eg går og småjobbar i eit bedageleg tempo, kan eg seie: ”Eg går no her å putla.” I dette siste dømet er det ganske godsleg. Men ofte har det ein tone av litt irritasjon. Det går altfor smått og seint! «Dætta é et hærsæns putlarbei!»


Pærka

spesielt, særleg

Pærka. Noko utanom det vanlege. Ordet er ofte brukt i samanheng med ordet god, – pærka go’. ”Når hadn Ola set i gång med adla skosna sine, so kadn han stønnå vera pærka go’!


pæstilænsa

pest, noko som spreier forderv

Pæstilænsa, f. Ordet pestilens er gammalt, og brukt i dansk. Det er bl.a. brukt av biskop Peder Hansen i Christiansand Stift i brev av 2. april 1804. Der omtalar han Hans Nielsen Hauge som pestilens. Sjølv hugsar eg ordet brukt om det som er elendig, og som spreier elendigheit. «Dadne musikkjen so dei spela no før tiæ, é då reina pæstilænså.»


noko smått

Pø, n. Småting, stundom til irritasjon. Uttrykket kjem truleg frå fransk: un peux = litt, lite grann, noko smått. ”Dætta é nåke pø!” er uttrykk for at arbeidet for så vidt går greitt, men det er for mange detaljar, og tar av den grunn gjerne for lang tid i forhold til det ein skulle ønskje.
Å pøa er det tilsvarande verbet. Det vil då seie å drive med noko smått og uvesentleg. ”Ka é da du pøa med?” kan både ha ein snev av irritasjon over at vedkommande balar med uvesentlege detaljar, og det kan vere eit godsleg spørsmål om kva ein balar med for tida.
Pø kan også brukast i samanstillingar, som t.d. ”Pøarbeid” om arbeid med småting, som gjerne heftar for å få gjort det store.


pønt

  1. pynt, 2. nes

Pønt, m. Uttalen er med klar ø-lyd.

  1. pynt, dekorasjon. «Her va da mykkje pønt. Dætta må vera et jænterubm.»
  2. eit nes «Han fardeka står heilt ute på pøntn, å ‘o mordeka é me’ ‘an.»

pøta

stikke inn i

Pøta. Stikke bort i, eller inn i. .
Du kan gøtt pøta litt ekstra flesk i rudlepølså.
No må du slutta å pøta deg i naså!


påhadlig

vedvarande, langvarig

hadlig. Den som held på – uavbrutt og utan å gje seg, er påhadlig.  «Ikkje hoga gje seg». I inkjekjønn blir det påhadligt og i fleirtal påhadlige. Trykk på første staving. «Da va no felt kor påhadlig dedne tørrafrøstn vart!» (JH 2013)


påk

pinne, stav, stokk

Påk, m. Ein påk kan vere all slags relativt små stavar eller stokkar. Blir det så stort som ein hesjestaur, er det ikkje ein påk lenger. Då er det,som namnet seier, ein staur.


påvørd

akta, æra, respektert

vørd. Med klart trykk på første staving. ”Ja, da ska’ eg sei deg: Husarbei’ é ikkje mykje påvørd fræmdeles – tå månge.” (Så finst det vel unntak, då…)


raballer

bråk, oppstyr

Raballer, n. Med trykk på a-en i midten. Dette ordet finst i ordlista: rabalder. ”Da é bere raballer”= Det er berre støy/ bråk (LB 07.11.10.)


rabbe

knaus, haug

Rabbe, m. Haug eller knaus med lyng og fjell og dårleg jordsmonn. I Gjervik er der t.d. eit hus som står i Rabben. Det ligg litt høgt oppe, og det har tydelegvis vore ein heller skrinn plass i si tid. Rabben er då også eit ganske vanleg namn mange stader.


rabbagast

uvøren person, røvar

Rabbagast, m. Etter ordlista har ordet éin b, men eg meiner at vi på Leiknes uttalar det som om det skulle vore to b-ar, – altså med ein kort, trykktung a fremst i ordet. Ein litt uvøren person, ein røvar. Driv ofte med utångaskap.


radl

prat, skravl

Radl, n. prat, gjerne slikt prat som vi har når alle i eit besøk eller ei fest, snakkar med ulike personar på ulike stader til same tid. Vi brukar det også om sjølve det å ha besøk, gå til kvarandre, t.d. ”jularadl”.
Eg har også høyrt ordet brukt slik: «Et långt radl me’ onga kobm ætte.» (ØV 05.11.13) Då kom det nærast ein prosesjon med barn gåande etter vegen.


raka

angå, vedrøre

Raka. Brukt på same måten som sjela. «Datta dar raka ‘kje deg!» = Det der har du ikkje noko med å gjere. Det gjeld ikkje deg. Når det blir brukt slik, er det klart negativt. Men om eg seier om ei sak, «Datta rakka ikkje meg«, så er det meir nøytralt, men også her litt avvisande. Eg avsluttar samtalen om det emnet der og då.


rakadeis

sjølvstyr, utan kontroll

Rakadeis. Med tydeleg trykk på siste staving. . ”Dar borte hjå dei Anners trur eg da går mykkje på rakadeis.” Då er det dårleg stell, og ungane går «for lut og kaldt vatn».


raka fant

pengelens, null-kapital

Raka fant. ”Dar gjekk sista kronå te billett på båten heim att tå bydn. So no é eg raka fant!” Ordet heng vel truleg saman med fant som eit anna ord for splint, eller reisande som dei sjølv gjerne kalla seg. Dei var ikkje kjende for å ha mykje pengar…


raka ne på

nedvurdere, sjå ned på

Raka ne‘ på. ”Du ska’ ikkje raka ne’ på nåken!


rakkar

kjeltring

Rakkar. «Hadn dar Ola’n é edn go’ rakkar!» med trykk på siste ordet.


ram

sterk, vond

Ram. Uttalast med lang a-lyd. Kan brukast i ulike samanhengar. I samband med mat, er det ofte sterk, nesten vond smak. «Ram salt» = Frykteleg salt


ramla

dette, falle

Ramla. ”Han glei so ’an ramla øverænna å kobm heilt i ålvæltå.”


rammel

ringing, skramling

Rammel. ”Eg har sett klåkkå på rammel.” Då er vekkjaruret klart for vekking. Kan også brukast når det dreier seg om annan skramling. ”Da va no et førfærdelæ rammel! Eg går herifrå.


rampamur

støypekant

Rampamur, m. støypekant langs vegen. «Nei, ongommane no te dags, dei sitja no dar på rampamurn ner i vegasjifte. Å ikkje veit eg ka dei driva tiæ me!»


rampe

barn som gjer ugagn

Rampe, m. I fleirtal heiter det ramp. Ofte brukt samanstilling som ramponga eller rampafakte. Ein kan også vera rampeta.
«Hadn dar é edn go’ rampe!»
Da é no bere ramponga no før tiæ!
Ja, ramp é dar å fidna øve alt, men eg synst no at dar é månge kjække òg!»


ramponera

øydeleggje, rasere

Ramponera. Trykket er på nest siste staving. «De kan jedna vera åleina heima, mæn de må ikkje ramponera heila huse mens me e vække!»


rar

sprek, frisk, førig

Rar. Dette ordet har, i alle fall ikkje med tanke på meiningsinnhald, noko med ordet «merkeleg» å gjere. Ein dag møtte eg SL. Ho hadde besøkt ei gammal dame på 95 år. Og så sa ho om denne gamle dama: «Ho é ‘kje rar no.» Det vil då seie at det skrantar mykje med helsa, ho klarer seg knapt sjølv lenger, og ho er sterkt svekka, gjerne også mentalt.


radne

litt, lite grann

Radne eller ranne. Når grann eller gradne står saman med lite, misser det gjerne g-en. «Ja, då kadn me vænta lite ranne.» (SAD des 2011)


ratt

verkeleg

Ratt. Etter ordlista radt.

gjerne brukt etter å ha høyrt noko uventa, men også elles når ein vil understreke noko.

Da é ratt mykkje gøtt” = Det er meir enn ein kan forvente.

HL var ikkje «rat» ferdig etter å ha vaska til klokka 11. Då var ho altså ikkje heilt ferdig.

«No må eg ratt setja meg ne’» (JH 2013)


ravgaln

fullstendig galen

Ravgaln. Ravane er eit adjektiv, og skulle slik sett kunne brukast i ulike samanhengar. Men eg har berre høyrt det brukt når det er noko gale eller feil. Ravane galn eller ravgaln. Bøygd i kjønn og tal: hokjønn ravgalæ, inkjekjønn ravgale og flerital ravgalne.


redne

stripe, avsnitt, felt

Redne, n. HL skulle vaske stova. Ho vaska berre to redne før ho måtte leggje seg fordi ho var sjuk. (HL 02.06.1931)


reika

gå, spasere utan mål

Reika. Gå, spasere, utan eit bestemt mål. «Dæsse ongdommane går no bere å reika ætte veien, i stadn før å gjera nåke vetigt!»Stundom kan det vere noko kvilelaust over det: «Hadn går bere å reika ætte gølve.» = Han går kvilelaust rundt på golvet. Eller til ungane: «No må de ‘kje ganga meir å reika i dørane.»


reina

kant, grøft

Reina, f. Vi snakkar om vegareina og potereina. Sikkert også om andre reiner.Vegareina er altså vegkanten med veggrøfta. Før i tida var det ei skam for bonden om ikkje vegareina blei slått skikkeleg. Potereina er så vidt eg veit, kanten på åkeren mot grasbakken. Men potetene skal også setjast i beine reiner, altså beine furer i jorda, med passeleg avstand slik at det blir lett å hype ved jonsoktider.


reka

drive

Reka.  Uttrykket kjem nok for sjøen. Det som driv rundt etter vér og vind utan styring, det rek. «Eg fadn mykkje ve’ på rek i dag.»Men uttrykket blir brukt også om folk som t.d. ”rek ætte veien” eller ungar som ”rek på dørane”. I første tilfellet, går ein etter vegen utan særleg mål og meining. Det andre tilfellet gjeld særleg når ungar som er ute og leikar, stadig kjem på døra og enten vil ha noko, vil inn att, spør kva klokka er osb. Då kan mor eller far seie: ”Nei, no må de slutta me’ dedna rekingjæ på dørane!” Eller: ”No må de slutta å reka på dørane!


rekæl

langt og tynt menneske eller dyr.

Rekel, n. I ordlista står at det er hankjønn. Så langt eg hugsar, brukar vi det som inkjekjønnsord. Nærast eit standard uttrykk er: ”Hadn (edle ho) é tudn so et rekæl.” Då er han ganske mager og skranglete.


res

rygg, jordrygg, kant i terrenget

Rés, n. skifte mellom bratt og flatare terreng. Eg hugsar det best brukt når vi går i motbakke. «Når me bere kjem øve datta rése, so vært da lettare.» Då flatar det ut, og det skulle då vere til oppmuntring og trøyst for små barn.


revelænsa

opprydding

Revelænsa, f. ”Her trengst da ei revelænsa.” Det trengst ei skikkeleg og fullstendig opprydding.


ri

  1. ve, 2. stund

Ri, f. 1.  ve, ei hosteri, ei fødselsri. ”Kor lengje é da imydlå riena no?” Eit vanleg og viktig spørsmål når fødselen nærmar seg.
2. ei stund. ”Eg løt vera her endå ei ri, so får eg no sjå om eg kjem meg heim att ein dag i næste veka.


riksla

riste, vrikke

Riksla. å riste, vrikle, bevege noko, gjerne for å få det laust. ”Då får prøva å riksla da laust.


rikta

knirke

Rikta. å knirke. ”Når da rikta i skona, é dei ikkje betalte!”
”No é eg so lei tå dadna døræ so rikta heila tiæ når eg ska ut!”
”Da rikta i gølve.”


rinn

åskam, åsrygg

Rinn, m. Bunden form: ren med trykk på n.en. Fleire rinna og alle rinnane. Eg er litt usikker på ubunden eintalsform. Kanskje det skal vere ren eller rene. Eg har aldri høyrt ordet brukt i denne forma. Fleirtalsforma er ganske sikkert rinnane. Blant anna heiter det om gamlevegen mellom Mundal og Hopsdal at han går ”øve Rinnane”. Det er mange rinna i Leiknes-området eller Øvstegards-krinsen. Og frå Åsane kjenner vi namnet Långeren’ i nærleiken av Vågsbotn. (eller Langerinden som det heiter i skriftspråket.)


rivjedn

svært aktiv person

Rivjedn, n. Her er denne mellomlyden mellom i og e. Det kan like godt skrivast revjedn. Det dreier seg altså om eit menneske som er særdeles aktiv. Han eller ho er alltid frisk, tar stadige initiativ, arbeider ofte og mykje, er uforferda og tåler motgang.


roks

tullprat, vrøvl

Roks, n. prat utan meining og innhald. «No må no du bere slutta me’ å fara kreom me’ sore roks!» = Du må slutte å fare rundt i bygda med slarv og sladder. (JH 2013)


romstera

herje, hustere, styre på, ståke

Romstera. Med trykk på «ster».
«Eg lura på om me ha fenje mus på løfte. Da é ett edle ant so romstera dar oppe!»
«Når dasse ongane kjem i lag, so é da ‘kje måte på ka dei kadn romstera!» I eldre tid ville dei heller seie «Når dasse ongane kobma i lag…»


rua seg

klippe håret

Rua seg. Uttrykkjet kjem nok av ru, altså vårulla på sauen. ”Nei, no må eg visst rua meg. Eg é som fel tå hår.


rubadl

ullfloke, ull og skit

Rubadl, m. Eigentleg kan vi kalle det ein ull-floke. Vårulla – den ulla ein kan klippe av sauen om våren – blir kalla ru. Denne ulla er ikkje så god som haustulla. Sauene går gjerne i sauegardar gjennom vinteren. Når sauene står inne slik, er det lett for at det lagar seg klompar eller flokar i ulla, blanda med saueskit. Dette er eigentleg ein rubadl. Håplaus og øydeleggjande for arbeidet og for ulla som skal leverast. Uttrykket kan også bli brukt om folk. ”Datta é meg edn go’ rubadl!” Det er langt ifrå nokon god omtale!


rubb å rakje

alt saman

Rubb å rakje. I ordlista heiter det «rubb og rake». Det er altså eit uttrykk som er vel kjend i landet, og ikkje berre i vår dialekt. Eit tilsvarande uttrykk i dialekten er rubbel å bet.
No ha’ eg fjerna rubb å rakje.” betyr altså det same som . ”No ha’ eg fjerna rubbel å bet.


ruen

ha mykje hår, vere full

Ruen.
1. ha mykje hår. ”No må eg visst kløppa meg. Eg é so ruen tå hår.
2. sterkt berusa, full. “Hadn va’ go’ å ruen når ‘an gjekk heim.


rugga

vogge, bysse

Rugga. Om han Ola er liten og ligg i vogga, kan ho mor t.d. seie: ”Kan ’kje du rugga han Ola litt. Hadn skrik so.
Imens je rugge vogga, så bror din får en blund.” Frå ”Julekvelsvise” av Alf Prøysen. (Ringsaker- eller Hedmarkdialekt.)
Det kan også brukast t.d. om båtar på bølgjene eller om folk som går. «Ho Sofia rugga so når ‘o jækk.«