Dokument og fråsegner

Dette ei presisering av Bygdelaget sitt ansvar som høyringsorgan. 
Bygdelaget har som formål ( jfr vedtektene § 1) å representere bygda som høyrings- og samarbeidsorgan ovanfor kommunen og andre offentlege instansar.

Det er per i dag ingen automatikk i at Bygdelaget får saker til høyring frå kommunen eller andre offentlege instansar. Ingen av dei sakene me kome med uttale på til no, har kome automatisk til bygdelaget. Det er uråd å følgje med på kva saker som rører seg både hjå t.d. Statens Vegvesen, Alver kommune, Statnett, Statsforvaltaren og NVE, og kva fristar som gjeld. Til no har det vore bygdefolk som har tipsa Bygdelaget om viktige saker og som saman med Bygdelaget har utarbeidd høyringsfråsegner og brev.

Det er ei god ordning og ei viktig ordning at Bygdelaget 5915 både får tips og hjelp frå engasjerte bygdefolk til å uttala seg i saker som gjeld bygda vår.

Har du saker du brenn for og som du ynskjer Bygdelaget 5915 skal engasjera seg i som er til beste for bygda? Ta kontakt med oss på e-post: post@5915.no eller ring leiar i laget Inger Helen Midtgård, leiar: 452 32 052. Så kan me snakkast om korleis me kan jobba saman.

Og du - ver ute i god tid før fristen. Takk for engasjementet ditt!

20205 1124 Høyringssvar arealplan for Alver frå Bygdelaget 5915

Protokoll frå årsmøte 2023

Årsmøteprotokoll 2022

Årsmøteprotokoll 2020

protokoll årsmøte 2019

→ Protokoll for årsmøte 2018

Protokoll frå årsmøtet 2024

årsmelding 2022

årsmelding 2020

årsmelding_2019

Årsmelding 2018

→ Årsmelding 2017

Handlingsplan 2023

Uttale til søknad om auka areal og biomasse på lokalitet Eikebærånæ

→ Årets sambygding 2017

Merknad til kommunedelplan E 39 Flatøy-Eikefettunnelen

080219 – Vedtekter