Ord og uttrykk

Svein Børtveit deler si samling med lokale ord og uttrykk med 5915.no sine lesarar.

Bakgrunn

Her har eg samla nokre gamle ord og uttrykk slik eg hugsar dei heimanfrå. Det meste er nok frå Leiknes, men sidan far kom frå Osterøy, kan det gjerne vere at noko kjem derifrå også. Dette er ikkje noko vitskapeleg arbeid. Det er heller ikkje noko rettskrivingsordbok! Kanskje er noko av det til og med feil i høve til vitskapen. Men eg har no teke det med likevel med den tanke at det er betre at eg samlar litt med nokre feil enn at ingen ting blir skrive.

Innsamlinga tok til i samband med spørjekonkurranse i Det Kristne Hjørnet på Radio PR, og har pågått eit 10-års tid. Eg begynte å stille spørsmål om folk veit kva ulike gamle ord og uttrykk betyr. Responsen var god, og etter som tida gjekk, snappa eg opp litt her og litt der, skreiv ned det eg høyrde, og no har eg altså ordna litt på det.

Frå mi side har målsetjinga med arbeidet vore først å gi meg sjølv litt oversikt over ord og uttrykk som i dag er lite brukte. Dinest kunne det kanskje vere ein liten stimulans til både å forstå sin eigen kulturbakgrunn betre, og kanskje til å ta i bruk orda i naturleg tale.

Eg har skrive orda i hovudsak etter uttale, så langt eg har makta, mest fordi eg i mange tilfelle ikkje veit korleis orda eigentleg skal stavast. I nokre tilfelle har eg skrive rett stavemåte i parentes utan utheving. Setningane er skrivne slik eg trur mor, far, tante Bergitta, Sofia eller ho bestemor ville sagt det, – sjølv om dei ganske sikkert ikkje på nokon måte ville sagt alt som står her i det heile!!!

Eg har også teke med ein god del ord som er ganske vanlege framleis. For desse orda er det altså berre uttalen som er det interessante. Innhaldet er vel kjent. Eg har berre teke med ord som eg sjølv er fortruleg med betydningen av. Det er fleire ord som eg har fått presentert på ulike måtar, men som eg ikkje kjenner att personleg, og då har eg ikkje teke dei med, ikkje fordi dei ikkje er viktige nok, men fordi dette er ei personleg oversikt, og som sagt, ikkje noko vitskapleg verk over alt som finst på området.

Send meg gjerne ei melding om du gjer deg tankar eller har spørsmål når du les.

E-post: ordoguttrykk@5915.no

Helsing Svein Børtveit


→ Uttale og gramatikk

→ Lokale ord og uttrykk