Kapittel 11: Fram 1915 – del 1

Nr. 1  Vassbygdens ungdomslag den 7. mars 1915  11. aarg.

Ungdomsspursmaal

Det hende seg eim gong, eg hadde den æra aa høyra paa tvo – lat meg kalla dei ”herrar”, d.v.s. ugifte ungkarar – at dei stridest um spursmaale aa gifta seg. Ikkje so aa forstaa at nokon av dei var imot spursmaale i seg sjølv, eg trur helder ”herrarne” gjerne vilde finna seg ein ”halvdel”, men det var um korleis – paa kva maate – dei skulde finna seg sin ”del” – anten med vite eller med kjenslorne, eller med baae med ein gong, eller kva for del som fyrst skulde brukast, Ja desse tvo fek eg høve aa høyra paa, og eg trur ikkje dei hev noko imot at du òg fær høyra meiningi deira. Namna deira er A og B.

A sette fram, sovidt eg kan hugsa, meiningi si soleis: Naar ein gut ser ei gjenta, maa han senda tanken han fær um henne aat den plassen som heiter hjarta; men no maa han væra varsam! Hjarta maa berre sovidt segja si meining, um det kunne slaa for nemde gjente eller ikkje, – hjarta maatte ikkje faa yverhaand. Derifraa skulde som tanken sendast pr. omgaaende, – altso, um hjarta sa ja – aat hovude, til vite. No kjem det an paa, naar vite kjem saman til raad, kva det finn. Her er no tvo vegjer, anten aa godkjenna elder forkasta. Segjer vite at du ikkje bør – ho er ikkje høvande for deg denne gjenta, daa skal tanken fara i den leii der skyerne er og verta verande der. Men set no tanken vart godteken av vite, daa skal han ganga i den andre leii, aat hjarta att. No kan kjenslorne sleppast laus. Segjer so dei at denne gjenta maa du halda av – – – ja so gjeld det um det gode hjarta møter hjarta med same lag, for at det kan verta ”ljose voner – so sol paa ein sumardag”. Ja, so meinte A.

B:  Naar guten saag gjenta, skulde tanken sendast aat hovude med ein gong – maatte ikkje lata kjenslorne segja si meining fyrst. Vart ikkje tanken godkjend der, skulde han fara aat skyerne med ein gong. Derimot, sa hovude at det kunde gaa an, so var vegjen aat hjarta. So var her tvo vegjer igjen; ”godkejnning elder forkasting”. Vart tanken funnen god her – ja, so – so –

Det han vilde ha fram var at ein for alt ikkje maatte lata hjarta segja si meining fyrst, det kunde forblinda, so vite sidan ikkje kunde døma rett upartisk.

A trudde at vite ikkje vilde døma ret, um hjarta var aldeles kaldt. Set no, hjarta skulde kjenna uhug mot gjenta, – vilde det daa døma rett?

Nei, fyrst maatte hjarta slaa litt, for elles vilde ikkje hovude finna paa aa døma um denne gjenta. Men ein maatte væra varsam med mengden.

B trudde grunnen til mange ulukkelege giftarmaal var at ikkje vite sa si meining fyrst, men ”lidenskapen” fekk spelerom.

Paa slutten kom dei til det at tanken skulde avgjerast nokorlunde samstundes baade av vite og hjarta, men det var dei samde um baae, at vite for alle ting maatte brukast. – Og kva meinar du?

Syrgjelegt  

Fleire tusen av dei sprækaste gutarne fær ut av lande, nett fyre hærtidi si skuld. Dei brukar krafti si i framande land. Dei bygjer og ver framande heimar. Me som vil bygja og bu, streva og strida i Norig, fær hærsveintidi auka år for år. Slikt er syrgjelegt. Skal det halda fram som no det er byrja, so vert det ei tung tid for dei norske borgarar.

Prakkar

Aa, tenk for eit liv i strid og i kav! Som vrake du driv paa brusande hav!

Deg sjølv du ei naar, men er som ein fange, for sliten og saar av tyngslorne mange.

Du sparkar og grev med nebb og med klo i endelaust stræv og aldri hev ro.

I verdi so hardt du styrer og stræver, som um du der vart i liv og i æva.

Du tenkjer ei paa at live er stutt og ende kan faa fyr dagen er slutt.

Som fredlaus du sviv i nord og i sud, og ofrar dit liv fyr gulle – din gud.

Du ingen ting skyr mot pengar aa vinna, tidt lever som dyr for fulle aa finna;

For rikdom aa naa du ofrar deg heilt, og ergar deg graa um du reknar feilt.

Naar gildt du hev vunne, daa er det vel so, du sæla hev funne og hygje og ro?

Saa kan du vel berre um herlegdom kveda, og takka din herre av hjarta med gleda?

So skulde det vera, men tænk deg vel um; du snart lyte læra, det svinner som skum,

og aldrig du her, kor mykje du hentar, den sæla du fær, som du hadde venta.

Um mykje du vinn, so meir vil du ha, og fred du ei finn, og er ikkje glad.

Um kort lyt du veikna, mot enden det gjeng, du folnar og bleiknar som blomar i eng.

Og inn i sin vald deg dauen tek fatt og svøyper deg kald, dit auga slær att.

Kva hjelper deg so, um verdi du aatte, naar usæl du no forlata det maatte?

Det sukkar og ber fraa din drøymande barm – no fyrst ret du ser, du i grunnen er arm,

um ei du hev att ei von um ein dag, ein rikdom og skatt av eit ljosare slag.

Du magtlaus er fanga innunder den dom – av verdi maa ganga so fatig du kom!

Fraa Hol

Nei, høyrer dette og med til vor jord? Vil ein vel spyrja når ein ser den øvste bygdi i Hallingdal. Det er Hol dette, som ligg so langt inne mellom fjelli og ute fraa den andre verdi. Hallingskarven med den kvite hetta si reiser seg like hit yver bygdi og stend liksom vakt um noko sku koma paa. Og slik som stormen kan tuta i den fjeldkamben! Snøen vert piska og stend som ein røyk hityver dalen. Noko blidare ser han ut når det er klaarver; daa er han verkeleg fager. Denne nuten hev set sitt merke i folkelynde her uppe.

Det er so underlegt aa sjaa paa live uppi slike fjelldalar, der kulturen liksom ikkje hev fenge rotfeste. Ein maa tenkja atende i soga paa dei gamle nordmenn som livde eit rikt liv utan stas og fjas og anna fantri som fylgjer med kulturen. Her hev ikkje narrelege modar og nye skikkar fenge magt endaa. Kararne gjeng i sine korte trøyer med sølvknappar i; ja, um dei hev vore i Kristiania eit par gonger med, og set folkeskikk, so hev dei ikkje vorte fortulla av det.

Nei, uppe i fjelldalar eg meistar aa leva lel, tenkjer eg – iminsto for ei tid daa. – Folki er ikkje so burtskjemde og forvelte av kultursveimen, der. Dei er so friske og eldhuga naar dei fyrst vert gripne av noko. Men kjem du ut paa dei breide bygdarne nær byar – ikkje å tala um sjølve byarne – folk er so forkuva, dei er so aandeleg dovne og slappe. Halvt dusne ligg dei kanskje i sofaen og gjeispar so kjakarne vil ganga or led. Dei hev ikkje hugmaal for noko.

Vel kan det vera at ungdomen her er ikkje gripne av so store hugmål, liksom paa mange andre stelle i lande; men når hallingen kjem heilt med, so skal du sjaa det munar.

Uvist er det no kor lenge folki kjem til å halda paa sin undarlege klædbunad. Ja, undarleg er han nok denne bunaden, allvist kvinnorne sin. Det gjeng nok ikkje å skriva um korleis han ser ut; det vert ikkje fullgreidt korso. Du maatte sjaa det; men daa kunde du verta standande og gapa. Det er nok staselegt å sjaa ei gjenta i sin fulle festbunad. Naar ho so attaat er pen, so kunde ein nok verta forgapt i ho, fyrr ein viste av.

Men lenge vert det ikkje fredelegt. ”Kulturen” bankar paa døri. Tenk, her vil han upp – her ved hjarta aat langfjelli. Snart kjem jarnvegen, og med han fylgjer det mangt, skal du sjaa. Det vert ei kvining og plistring av eimhesten seint og tidleg, Kolrøyken legg seg som skodda etter dalen. Hallinggjentorne spring forskræmde åt kraai med den staselege bunaden sin og fær paa seg kjoleklæde etter finaste mode med kniplingar baade her og der, og so hatt, kan du vita. So vert dei kalle ”frøkener” og lærer å segja ”adjø” og ”Ish da” og mykje anna fint til merke paa ”daning”.

Knut Tylden

Springdans

Hei gutar, kom, lat oss slå lag, og lat oss lystig vera;

No vil me faa kvar si gjenta med aa læra, å snu oss rundt so dei gamle gjera.

Ein sundagsmorgon når soli rann, kom ein man ilag, kan henda det var to, ein kasse dei bar, mon tru det er skot? Men det var ikkje so.

Og seinare paa dag eg rusla i mak etter veien so spak, med eit so høyrde eg noko rør

so trengde seg ut gjennom ei laavedør.

Forviten eg var og inn vilde gå, men det var ikkje å tenkja paa, i eit gjødselhus maa du ikkje spøkja deg fram, du veit ikkje av fyr du maa symja i lann.

I nærheit av ein offentleg hovedvei, der er det ikkje godt aa halda galei, ein fær ikkje fre for nysjerrige – det er betre å vera frå folk og fe.

Me fær oss nok hus, men det verte lit klus, men me greia det lell når me tar oss noken kvell.

Då stegi vart mange og hugen minka, vart dei fa som hinka.

Ein liten flokk det lære nok, når berre ikkje økonomien seier stopp.

I slaatten er det ikkje altid greidt, fyr skal ein dansa, so vert ein sveit.

Men det er godt å faa mykja sin kropp, daa vert ein so ledig, sjøl den gamle paa krakken,

daa er det so lett til å spenna i nakkjen.

Eit gjilde der vart, det gjekk i ein fart, – med kørjer og mykje anna rart. – den vart ikkje di for ei krona, nei, har du kje`4 fær du ei dama.

Ein avveksling er bra, når me spelemann ha, men det var ikkje alle som likte da.

Me skal lanne vort æra, nasjonalt skal det vera, utanlandske ting vil me helst fjerna!

Ein annan gang kan det væra bra, når me ikkje noko anna ha. Det er ikkje frit at det gløda, um me er utanfor ei løa. Daa spara me lidt paa veien, når me ha valt komiteen. 

Einar

Tiaarsfest

Dei seia der skal vera møte, – skal snakkast um 10 aarsfest om otte dagar, då passar det bedst, men det er for tidlegt synes flest.

Eg trur me greiar det likevell, ein komite fær det snart på stell, om fjorten dagar det gaar ikkje an, nei, um der aldrig kjem fest istand.

Ein komite der vart sett ne, og sjkolade dei vilde ha, men alle syntes ikkje det var bra.

På kaffi tjenar me aller bedst, det maa me ha, skal me faa noko tilbedst.

Og kor det gjekk til, det veit ikkje me, men sjokolade i gryto kom ne.

Eit lass med mjølk dei kjørde med hest, det var ikkje å venta me fekk pengar til rest.

Og ruskever såg det ut til å verta, men når kvellen kom daa var det alt letta, og manen lyste so klaar og rein, den ville ikkje nokon sku snåva i skulehusvei`n.

Men likevel var dei fleste seine for klokkå otte var me mest åleine.

Sidan drog det no til so smaat, av gutar og gjenter ein liten komplaat.

Men merkjeleg nokk, når me mat hadde fått, dei stanste ikkje inne, for vere var godt.

Og no naar so talaren skulde fram, daa syntes eg verkeleg det var ei skam.

Naar me ein annan gong hava fest, då trur eg stødt at det passar bedst, å halda seg inne so godt ein kann, å høyra paa talen kvar kvinne og mann.

Ti aar her etter eg vonar, at me har samla oss kroner, so me kan festa i eige hus, og sleppa bæra sjokolade fraa Sandvik i krus.

Einar

Nr. 2  Vasbygdens ungdomslag den 14. mars 1915  11. aarg.

Jolebrennevinet

                                                  Er me mange ilag, so fær me det billegt hjaa kjøbmannen!

Det er fem dagar fyrr jol, at han Paal stend inne i kjøpmannskrambuda -: eit kilo ris – eit kilo sago – eit halft kilo farin – tvo kilo grynmjøl – eit halft kilo kafi – ei pakke the – o.s.fr. Var det kje`meir? spør kjøpmannen. Jau, det var sant, e lyt faa meg aatte stengjer tobak og ein pose kandis! Var det kje so noko annat? Aa jau, – eg sku ha eit anker brennevin òg; me hadde teikna oss for mest helvta av det, men me hadde kje so mykje pengar at me kunde løysa det, nokon av oss, seie han Paal. Du er no vel ikkje komen paa Fattigkasa held, Paal, eg kan no vel faa borga deg eit anker! Ja, vilde du det, so var det meir enn vel! Du skal faa betaling so snøgt eg faar pengarne inn fyr det. Aa, jau, der lyt bli ei raad med det. Versogod, der kan du få prøva ei sort til fyrti kronur. Tak skal du ha! – og skaal paa ei god høgtid! – Hm – hm – jamen var dette god Konjak; det var so det reiv i halsen! Eg lyt fula faa eit anker, naar du er vuljug aa borga det – solengje, seie han Paal, og han seie det so skaplegt som han kann. Kjøpmannen skreiv merkjelap, gav den til Krambusveinen sin og sa: Det skal sendast med ”Ole Bull” klokkan 10!

Sjaa der, Paal, gjøym den, so mykje du kan skjenkja ein mann til Jol, so veit han kva vara du heve paa kaggen, sa kjøpmannen, og gav han Paal ei flaska. Er det so at eg skal ha denne paa kjøpe, maa du ha mange tak! So handtokst dei og ynskte kvarandre ei hugnaleg Jol til avskil. På eimbaaten traff Paal grannen sin, han Sjur, som han fulle lyt skjenkja. – Versogod! og baud fram ein dram. Nei, kjem du soleis? Tak daa, og skaal paa ei glad Jolefest! – Hm – hm – det var noko som var gagn i, du heve fengje fat i denne gongen, seie Sjur. Ja, og eg heve fengje eit anker – paa borg – af same slagje. Ja, Sjur, detta tenkje eg me skal verta kvitte! Kor mange flasker vil du ha? Spør Paal. Aa, naar det er god Konjak, so fær eg faa aatte flaskur, for dei er no god aa ha.

So treffe han Paal ein, so treffe han hin, som fekk seg ein liten kvass – varm – friskande – rivande ein, og daa det var gjort, so teikna dei seg, og han fekk lista si full med tal, mest fyrr han visste orde av. Tri dagar etter skal brennevinet delast. Han Per Borgatveit skal vera tappar og han Sjur Sjerheim skal vera den som set korkjen i. Men han Paal sjølv skal styra med lista og taka betalingen inn – i reine pengar.

Her gjekk noko yver aa ned i skaala, – er her nokon som vil supa det or? – eg vert ør`n nokk av eimen, ropa tapparen. Kom her med det daa, det er no kje meir i det, seie Paal Sjerheim, fær skaala, set ho paa kjeften og syp or. Han sat nett aa skjelte etter um der ikkje gjekk noko ”den vegen”, somykje han fekk seg ein ”gratis” – han hadde no hatt bale med det òg!

Ut paa tunet kom tvo ungdomar – Knut og Ivar – med kvar sine tri flaskur i lomarne. Veit du kva me skal gjera? seie Knut, jau, dei tvo flaskur kan med gjøyma, men den tria skal me forsyne meg snu botn upp paa ikveld. Vi du vera med paa det, so gjeng med burt i utløda hans Jens. Eg ska heimat for eg lyt gjerna gaa til doktoren. Ho mor hev vorte sjuk, og han far hev vore so klein i vinter at han er inkje god aa gaa, seie Ivar. – Lat gamla kjerringa vera kor dei vil, me er no karar, me, som ikkje er so kvepne og difyr tek me oss ein kvass ein; skaal kar! Kom no bort i løda somykje me kan sitja oss ned og drikka på folkavis! Tok Knut i att, – og so bar det i løda med dei. – So sit dei seg til aa drikka, so det læt baade jammerleg og kummerleg nedetter halsen paa dei, og godt laga vert dei baae tvo. Den eine byrjar aa drøsa um kaatleik og hin skjøyte i endaa meir. So seie han Knut: Veit du kva eg kjem paa, Ivar? Jau, no sku me so akkurat gaa upp i floren til ho Sjura-Brita! Ja, det skal me so nett gjera, seie Ivar`en, – og so ber det iveg med dei – mylande og slagande burtetter snoen. Han Knut slingrar oveleg mykje, og Ivar stødja paa han so godt raad er, for han er kje so ”plakat”. Men kor det er, held ikkje, so ber det paa kant utfor ei aakerreina med dei – og – aa, eg trur foten min tok skade, jamrar Knut og ber seg ille. Kva er det so gjeng aat deg? brølte Ivar`en til han; ris oppat! – Tek so i han og vil ha han på føterne att. Er du galen, Ivar, det gjer so ilt i foten min!. Kva er det? Hev du brote foten av med du jamrar deg so? Kjem det noko stillare. So tagna dei av og vart sitjande sida um sida eit heilt bil. Knut funderad paa kor han hadde fare med foten sin, og Ivar – ja, han tenkte paa um ikkje dei kom for seint i floren til ho Brita. – Knut hev vorte ræd for foten sin, og for denne rædsla hev rusen gjevet ein liten plass. Du Ivar, seie han, du fær gaa heim og beda han Ola koma ned, for eg kann kje koma herifraa med mi hjelp – ikveld!  Jaso daa! – Gakk no daa, snøgt! Her er kalt òg ikveld!  So rusla han Ivar iveg, og kjem att med han Ola um eit bil. Han Ola tek under ein arm og Ivar under hin, og soleis baskar dei heim med han. Det synar seg at der er mykje gale med foten og næste dag kjem doktoren som finn at han er or led i aakla, og der vil gaa fleire vikur fyrr han vert god att.

Kor bar det til at foten gjekk av led? Spurde kone-Brita ho Kari, mor hans Knut, Ja spør so! Desse ungdomarne dei fara so mykje uvislegt aat mange gonger. Han hadde skre utfor ei aakerreina, de veit, slikt ser seg no kje so mykje fyre, seie ho Kari. Det same sa hine òg daa dei snakkast og smaka paa jolebrennevinet hjaa kvarande. 

Men næste morgonen var mor hans Ivar Slokna. Det var altso ein dag for seint aa gaa til doktoren.

Lars Kleiveland

Hvis jegvar en ung pike  

saa vilde jeg have et maal i livet. Og jeg vilde sætte det høit og ikke sænke det. Hvor der er en vilje, er en vei, er saa sandt som staal. Jeg vilde søge at være saa net og flink som min moder. Jeg vilde være i godt selskaab eller i slet intet. Jeg vilde læse gode bøger, saadanne som udvider min aand og gjør mig skikket til et høiere liv. Jeg vilde være sandfærdig i min handlinger saavel som i mine ord. Jeg vilde vise folk at ogsaa en ung pige kan være i besiddelse af sund menneskeforstand. Jeg vilde sætte ære i at kunne lære hvad en mand kan lære, naar det ikke just kommer an paa fysisk styrke. Op ”Kundskabens Høi” vilde jeg ikke lade nogen klyve forbi mig. Jeg vilde vælge mig en mand, hvis jeg vælger nogen, med en uplettet karakter. Jeg vilde være venlig mod alle. Jeg vilde stadig søge at være taalmodig og langmodig; thi med disse to egenskaber er man vel udrustet for livets reise. Jeg vilde klæde mig i ydmyghed med en hue af taushed. Jeg vilde snøre forsiktighedens sko paa mine fødder, saa jeg kunde vandre den kongelige vei med kvindelig værdighed. Jeg vilde iføre mine hænder med handsker af gode gjerninger og over det hele vilde jeg kaste en kaabe av faderens beskytelse.

N.B.

”Vi har glemt Trissa”

Det var om bord paa en af de smaa lokaldamskibe inde paa fjorden her. Skriver en passager. Den havde netop lagt fra bryggen og var komet du i rent farvand. ”Fuld fart forover”, var der kommanderet, og et musikkorps, der var med, havde stemt op en lystig melodi, da med et lød ”Stop i maskinen”, og bums laa man der. Passagererne saa paa hinanden, ud over vandet og paa kapteinen, der havede forladt styrehuset og gik op og ned paa dekket og kastede betænkelige slikke ind mod bryggen. En halvt ængsteli stemme spurgte: ”Hvad er det paa færde?”. ”Vi har reist fra Trissa vorses,” lød kapteinens svar. Nogle smilede, andre, der ikke var inde i dampskigstermini saa meget betænkelige ud, som om den mystiske ”Trissa” var noget hvis manglende tilstedeværelse kunde foraarsage baade explosioner og andet ondt .

En mand kom roende forbi. ”Aa di, stik ind og ro hid det kvindfolk der på Brygen, saa er di snild da di,” skreg kapteinen. Jo,o, det skulde manden gjerne gjøre. Han roede ind, og ned i baaden sprang en lettvindt barhovudet dame med hvidt forklæde. Hurtig blev hun sat ombord i dampskibet, og ”Trissa”, det vil sige restauratrisen, var atter tilstede. ”Fuld fart forover” – og musiken stemte atter i.

Arnfinn

Mi heimbygd

Fraa bylgjande hav inn Osterfjord, millom bratte fjell paa mi fedrajord,

mi heimbygd eg aldri kann gløyma, den vil eg i hugen gøyma.

Det er so vent i vaar gamle grend, naar skog og mark i si bløming stend,

her sat mine feder paa gard og grunn, so barn eg leika her mang ei stund.

Um sumarn naar bjørki staar grøn i lidi, og soli renn med gullglans yver fjelli,

daa fuglen hoppar ifraa grein til grein og syng fagert sine songar, klaart og reint.

Daa likar eg at gaa i skog og mark ein tur, eg spring so lett i fjell paa sti og urd,

det er som hugen liksom kviknar upp, og snart eg kjem paa fjelle, upp til høge nut.

Eg elskar deg du mi heimbygd i nord, som er utav tindar og fjell og fjord.

Eg elskar deg Norig, mit fedraland, med høge fjell og med dal og strand.

N.F.

Smaaterier

Jeg taler ei om Darvwins teorier, ei heller om du skulte krinkelstier, hvor huleboeren sin promenade tager, idet han stolt og stiv det klare dagslys vrager.

Jeg vil kun si at abekatmanerer blant slegtens mænd og kvinder slemt huserer.

En kvinde fandt for godt i rummet sig at brede, men hendes frøkenarme – ak de var saa spæde, da tænker hun som saa: En skinke kan mig lære hvorledes helst en kjolearm i denne tid bør være. Først saa hun paa en skinke som var mager, og fluksens hun et mønster efter denne tager, og andre gjorde straks hvad frøknen foreviste, og alle sine magre skinkeærmer priste. Men stor vil større bli, da skinken var for liden, man lod den vokse raskt, man maate følge tiden, og nu det bruser om de smukke abekatte, som ikke noksom kan de gjæve poser skatte!

Indbildske unge mænd! Det er ei blot blant kvinder at abekatens lyster vi i Norge finder!

Nei aldri so vil eg det segja

Hyss! Stille mi ven! Kan du tegja? For det er um ein gut det gjeng. 

Nei, aldri so vil eg det segja, for han er slik ein drusteleg dreng.

Han heve dei augo so milde, og dei armar som eik og jarn;

Han kunde so godt um han vilde, la meg bera som aarsgamalt barn.

Me svingad i svingar paa tilje, medan dagen i vester brann –

Han heve so varmer ein vilje, for han tok meg so trufast i hand!

Han lettad meg høgt med dei hender og so sett han meg stilt paa golv,

daa augo imot meg han sender, so i bringa det hitad og skolv.

Daa spratt det her inne ein kumar, det draus voner i væne vaar.

Lat lagast til grøderik sumar og til frukt av det fræ, som me saar.

I gaar kveld i tvo-eine tale – nei, det segja eg aldri kann! –

Han kyste paa panna mi svale! Men so varmt og so vænt som det brann!

Hyss! Stille min ven! Kann du tegja? For han er daa so snild og fin!

Nei aldri so vil eg det segja, for den guten so greid, han er min!

Ja, so sa ho, ho Signe Sollid.